84893
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84893
Redusert sal i august
statistikk
2012-09-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktaugust 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal i august

Samla sal av petroleumsprodukt enda på 802 millionar liter i august, ein reduksjon på 8,2 prosent. Salet av alle petroleumsprodukta var lågare enn i august 2011, unntaket var salet av autodiesel.

Det vart selt 311 millionar liter autodiesel i august, ein auke på litt under 1 million liter samanlikna med august 2011. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med om lag 12 millionar liter, og enda på 129 millionar liter. Salet av autodiesel og bilbensin stod for 55 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i august. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, vart salet redusert med 2,4 prosent, eller om lag 11 millionar liter. Salet enda på 451 millionar liter i august 2011, medan det i år var på 440 millionar liter.

Prisane på både autodiesel og bensin auka. Ein liter autodiesel kosta i gjennomsnitt 13,14 kroner i august i år, samstundes som ein liter 95 oktan bensin i gjennomsnitt kosta 14,83 kroner. Dette er ein auke på høvesvis 5 og 77 øre frå august 2011.

Redusert sal av andre produkt

I august vart det selt 159 millionar liter marine gassoljer, ein reduksjon på 2,8 prosent frå same månad året før. Salet av marine gassoljer stod for om lag 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Samla vart det selt 22,1 prosent mindre fyringsparafin og lette fyringsoljer i august 2011 enn i august 2011. Det vart selt 61 millionar liter jetdrivstoff, dette er ein reduksjon på 28,7 prosent.

Utkjøringsdagar:

Det var 23 utkjøringsdagar i august i år, det same som i august 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB