84891_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84891
Auka sal av drivstoff
statistikk
2012-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuli 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av drivstoff

Det vart selt 801 millionar liter petroleumsprodukt i juli 2012, noko som er ein liten auke på 0,7 prosent samanlikna med juli 2011. Salet av autodiesel og bilbensin hadde ein samla auke på 2,1 prosent.

I juli 2012 enda salet av bilbensin på 134 millionar liter, 7 millionar liter mindre enn i juli sist år. Det vart selt 287 millionar liter autodiesel, ein auke på 16 millionar liter. Ser ein på dei to produkta samla, auka salet med 8,5 millionar liter. Salet av bilbensin stod for 19 prosent av det totale salet, medan autodiesel stod for 36 prosent.

Prisauke på bensin

I juli kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 12,76 kroner, det er ein reduksjon på 46 øre samanlikna med juli sist år. Ein liter 95 oktan bensin kosta 14,55 kroner og ein liter 98 oktan kosta 15 kroner, noko som tilsvarer ein prisauke på høvesvis 34 og 26 øre.

Selde meir marine gassoljer

Det vart selt 172 millionar liter marine gassoljer i juli, ein auke på 6,7 prosent, eller 11 million liter, frå juli i fjor. Salet av marine gassoljer stod for om lag 21 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer auka i juli med ein million liter, salet enda på 21 millionar liter.

Det var 22 utkjøringsdagar i juli i år, mot 21 i juli 2011.

Tabeller: