84895
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84895
Liten reduksjon i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2012-07-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuni 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten reduksjon i salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 4,7 milliardar liter i første halvår av 2012. Dette er ein liten reduksjon på 0,8 prosent samanlikna med 1. halvår 2011. Årsaka til reduksjonen er den fallande trenden i salet av fyringsprodukt, som vart redusert med heile 31 prosent.

Lette fyringsoljer og fyringsparafin utgjer ein stadig mindre del av det samla salet av petroleumsprodukt. I 1. halvår 2010 stod salet av fyringsprodukt for 7,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, i 2011 var det om lag 6 prosent, og i år vart det redusert til 4 prosent. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer enda på 188 millionar liter, ein reduksjon på 84 millionar liter samanlikna med 1. halvår i fjor. Når det gjeld fyringsolje, kosta i 1. halvår 2012 ein liter i gjennomsnitt 10,18 kroner. Det er ein auke på 56 øre samanlikna med dei seks første månadene sist år.

Diesel- og bensinprisen auka

Det vart totalt selt om lag 2,4 milliardar liter bensin og autodiesel i 1. halvår 2012, ein liten auke på 0,3 prosent. Bensin og autodiesel stod for om lag 52 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt, av dette utgjorde autodiesel 37 prosent og bensin 15 prosent. Det vart selt 1,7 milliardar liter autodiesel i dei seks første månadene av 2012, opp 3,2 prosent frå 1. halvår 2011. Salet av bensin vart redusert med 6,3 prosent og enda på 692 millionar liter. Ein liter 95 oktan bensin kosta i gjennomsnitt 14,83 kroner og ein liter 98 oktan kosta i gjennomsnitt 15,23 kroner. Det er ein auke på høvesvis 92 og 88 øre frå dei seks første månadene sist år. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 13,38 kroner, ein auke på 25 øre.

Selde meir marine gassoljer og jetdrivstoff

Salet av marine gassoljer utgjorde 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt og enda på 953 millionar liter i dei seks første månadene av 2012. Dette er ein auke på 5,8 prosent. I same periode stod jetdrivstoff for om lag 11 prosent av totalen, og det vart selt 498 millionar liter. Dermed hadde også jetdrivstoff ein oppgang på 5,8 prosent frå 2011.

Sal av ulike petroleumsprodukt 1. halvår 1995-2012. Millionar liter

Prisar på petroleumsprodukt. Januar 2009-juni 2012. Kroner

Auke i bensinprisen det siste året

Det totale salet av petroleumsprodukt enda på 858 millionar liter i juni 2012. Dette er ein liten auke på 0,9 prosent samanlikna med same månad året før. Salet av autodiesel enda på 300 millionar liter, ein auke på 2,1 prosent. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 11,5 prosent og enda på 123 millionar liter.

Sida juni 2011 har prisen på ein liter diesel blitt redusert med 2,2 prosent, og i juni 2012 var gjennomsnittsprisen 12,87 kroner. Prisen på 95 oktan har auka med 2,1 prosent opp til 14,56 kroner og prisen på 98 oktan har auka med 2,3 prosent opp til 15,3 kroner per liter.

Det var 21 utkjøringsdagar i juni 2012, mot 20 i juni 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB