84889
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84889
Liten auke i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2012-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i salet av petroleumsprodukt

Det vart selt 840 millionar liter petroleumsprodukt i mai 2012. Dette er ein auke på 9 millionar liter, eller 1,1 prosent, samanlikna med mai i fjor. Det var autodiesel og marine gassoljer som førte til at det totale salet auka.

Det vart selt 312 millionar liter autodiesel i mai. Dette er ein auke på 5,7 prosent, eller 17 millionar liter, samanlikna med mai i fjor. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 1,2 prosent, eller 2 millionar liter, og enda på 131 millionar liter. Ser ein på dei to produkta samla, auka salet med 3,6 prosent, eller 15 millionar liter, i den same perioden. Salet av autodiesel og bilbensin stod for om lag 53 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i mai 2012.

Dieselprisen auka

Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 13,23 kroner i mai i år. Dette er 13 øre meir enn i mai i fjor. Ein liter 95 oktan bensin kosta i gjennomsnitt 14,88 kroner og for ein liter 98 oktan bensin var prisen 15,40 kroner i mai i år. Dette er ein auke på 59 øre for begge produkta frå mai 2011.

Selde meir marine gassoljer

Det vart selt 91 millionar liter jetdrivstoff i mai. Dette er ein liten nedgang på 1 prosent, eller 1 millionar liter, frå mai 2011. Salet av marine gassoljer stod for om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og enda på 159 millionar liter i mai i år. Dette er 2,4 prosent meir enn i 2011. Salet av fyringsoljer og fyringsparafin var lågt og enda på 23 millionar liter. Dette er 5 millionar liter mindre enn i 2011, og var ein reduksjon på 5 prosent. Ein liter fyringsolje kosta 9,98 kroner, 41 øre meir enn i mai 2011.

Det var 20 utkjøringsdagar i mai 2012, mens det var 21 dagar i mai 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB