84887
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84887
Redusert sal og høgare prisar
statistikk
2012-05-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktapril 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal og høgare prisar

I april i år vart det selt 693 millionar liter petroleumsprodukt. Det er ein nedgang på 3,6 prosent, eller 26 millionar liter, samanlikna med april sist år. Nesten alle petroleumsprodukta synte ein reduksjon i salet, eit av unntaka var salet av autodiesel. Prisane på drivstoff held fram å stige i april.

Det vart selt 263 millionar liter autodiesel i april. Det er 11 millionar liter, eller 4,4 prosent, meir enn i april sist år. Salet av bilbensin vart redusert med 10 millionar liter, eller 7,8 prosent, og salet enda på 112 millionar liter i april. Ser ein salet av bilbensin og autodiesel samla, auka salet med 2 millionar liter - som svarar til 0,4 prosent.

Høgare drivstoffprisar

Ein liter avgiftspliktig autodiesel kosta i gjennomsnitt 13,63 kroner i april. Det er ein prisauke på 18 øre det siste året, og 10 øre meir per liter enn førre månad. Samanlikna med april 2011 har prisen på bilbensin auka med 1,11 kroner for 98 oktan blyfri og 1,21 kroner for 95 oktan blyfri. Gjennomsnittsprisane var høvesvis 15,75 og 15,45 kroner. Endringane frå mars til april er ein auke på 32 og 40 øre.

Andre petroleumsprodukt

Til saman vart det selt 23,8 millionar liter lette fyringsoljar og fyringsparafin. Det er ein reduksjon på 2,6 prosent, eller ein million liter, samanlikna med april sist år. Gjennomsnittsprisen på ein liter fyringsolje var 10,33 kroner i april i år, 29 øre meir enn i april sist år og 6 øre mindre enn i mars.

Det vart selt 64 millionar liter jetdrivstoff i april, ein reduksjon på 12,4 prosent samanlikna med april sist år. Salet av marine gassoljar enda på 147 millionar liter, ein reduksjon på 9 millionar liter.

Utkøyringsdagar

Det var 18 utkøyringsdagar i april 2012, det same som i april 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB