84897_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
84897
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2012-04-23T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmars 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det vart selt om lag 2,3 milliardar liter petroleumsprodukt i 1. kvartal 2012. Dette er ein reduksjon på 1,2 prosent, eller om lag 27 millionar liter, samanlikna med i 1. kvartal 2011.

Det var ein kraftig reduksjon i salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin i 1. kvartal 2012. Det totale salet enda på 117 millionar liter. Dette er ein reduksjon på heile 39,4 prosent, eller 76 millionar liter, samanlikna med 1. kvartal 2011. Berre i mars aleine vart salet redusert med 43,7 prosent samanlikna med i mars 2011.

Nedgangen i salet kan forklarast ut frå politiske tiltak, prisoppgang og at det var ein mild vinter i 2012. Prisen auka med 4,9 prosent, til kroner 10,39 per liter fyringsolje, frå mars 2011 til mars 2012.

Auke i samla sal av diesel og bensin

Samla sett synte salet av bilbensin og autodiesel ein liten auke frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Salet auka med 5 millionar liter eller 0,4 prosent. Til saman stod desse produkta for 52 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt i årets tre første månader. Dersom ein ser på autodiesel aleine, auka salet med 3 prosent i den same perioden - frå 834 millionar liter til 859 millionar liter. Salet av bensin vart derimot redusert med 5,7 prosent - frå 344 millionar liter til 324 millionar liter.

Auke i prisane på drivstoff

Ser ein på prisutviklinga på drivstoff, har det vore ein auke i prisane. Prisen på 98 oktan blyfri var i gjennomsnitt 15,43 kroner i mars 2012. Dette er ein auke på 7,5 prosent samanlikna med mars 2011. Prisen på 95 oktan blyfri auka med 7,9 prosent og var 15,05 kroner i mars 2012. Prisen på avgiftspliktig autodiesel var 13,53 kroner, ein auke på 1,3 prosent frå mars 2011 til mars 2012.

Selte 249 millionar liter jetdrivstoff

Salet av jetdrivstoff har hatt ein auke på 14,2 prosent frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Det vart selt 249 millionar liter i 1. kvartal i år, mot 219 millionar liter i den same perioden i fjor. Det vart selt 467 millionar liter marine gassoljer i år, ein auke på 7,3 prosent frå 2011.

Auka sal i mars

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 793 millionar liter i mars i år. Dette er ein liten auke på 1,1 prosent, eller 8 millionar liter, frå mars i fjor.

Salet av autodiesel stod for 36 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og enda på 288 millionar liter i mars 2012. Frå mars 2011 var dette ein reduksjon 1,6 prosent eller 5 millionar liter. I den same perioden vart salet av bilbensin redusert med 6,4 prosent, og enda på 111 millionar liter, dette er ein nedgang på 8 millionar liter. Salet av bilbensin stod for 14 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Salet av marine gassoljar og jetdrivstoff auka med høvesvis 12,6 prosent og 31 prosent frå mars 2011 til mars 2012.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i mars i 2012, medan det i mars 2011 var 23.

Tabeller: