25572_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25572
Auka sal og høgare prisar
statistikk
2011-01-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffdesember 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal og høgare prisar

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 9,9 milliardar liter i 2010. Dette er ein auke på 472 millionar liter, eller 5 prosent, frå i 2009.

Totalt sal av petroleumsprodukt 1995-2010. Millionar liter

Siste gongen salet var på et så høgt nivå var i 1999. Salet av autodiesel, fyringsprodukt og jetdrivstoff auka markant.

I 2010 vart det selt over dobbelt så mye autodiesel som bilbensin. Totalt vart det selt om lag 3,4 milliardar liter autodiesel, ein auke på litt over 10 prosent samanlikna med året før. Salet av autodiesel stod for nesten 34 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2010. Den avgiftsfrie autodieselen stod for 25 prosent av autodieselsalet.

Det vart selt 1,6 milliardar liter bilbensin i 2009, ein reduksjon på 5,4 prosent. Av det totale salet av petroleumsprodukt utgjorde bilbensin om lag 16 prosent. Slår ein samen salet av autodiesel og bilbensin utgjorde det halvparten av det samla petroleumsalet i 2010, og var ein auke med 4,6 prosent frå året før.

Høgare bensin- og dieselprisar i 2010

Prisen på både diesel og bensin steig i 2010. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 11,76 kroner i 2010, og dette er ein auke på 1,04 kroner samanlikna med i 2009. Bensinprisane var på i gjennomsnitt 12,64 kroner for ein liter blyfri 95 oktan, medan ein liter 98 oktan blyfri kosta 13,12 kroner. Dette er ein auke på høvesvis 0,90 og 1,01 kroner pr liter. Høgare prisar på drivstoff kan sjåast i samanheng med auka råoljeprisar.

Auke i salet av jetdrivstoff

Sal av bensin og diesel, 1995-2010. Millionar liter

Salet av jetdrivstoff enda på 975 millionar liter i 2010. Dette er ein auke på om lag 10 prosent, og er det høgst registrerte salet på eit enkeltår. Salet av jetdrivstoff utgjorde nesten 10 prosent av samla sal av petroleumsprodukt.

Marine gassoljer anvendes som drivstoff i skipsdieselmotorar og utgjorde om lag 16 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet enda på 1,8 milliardar liter i 2010, det same som året før. Salet av marine gassoljer har heldt seg stabilt dei ti siste åra.

Sal av fyringsprodukt auka

For å minske miljømessige konsekvensar av bruken av fossile fyringsprodukt har det vore sett inn tiltak for å redusere bruken. Forbruket av fyringsoljer og fyringsparafin blei over halvert i perioden frå 2003-2008. Men frå 2009 steig forbruket igjen. Samla enda salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin på 639 millionar liter i 2010. Dette er ein auke på 111 millionar liter eller 21 prosent samanlikna med 2009. Høge straumprisar i kombinasjon med låge temperaturar er årsaker til utviklinga.

Som for bensin og diesel har høgare råoljeprisar ført til at prisen på fyringsoljer har stige. I 2010 kosta ein liter i gjennomsnitt 8,20 kroner, ein krone meir enn i 2009.

Andre produkt

Sal av fyringsparafin og lette fyringsoljer, 1995-2010. Millionar liter

Tung fyringsolje har hatt en markant nedgang i salet i Noreg dei siste tiåra, men blir framleis brukt i industrien. Salet enda på 367 millionar liter i 2010, som er 88 millionar liter mindre enn i 2009. Salet av smørjemiddel utgjer ein liten del av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2010 vart det selt 68 millionar liter, ein reduksjon på 3,6 prosent.

Blant dei andre produkta LPG, LNG, flybensin, tungdestillat og bitumen, auka salet av LPG med heile 35 prosent. Dei resterande produkta har heldt seg forholdsvis stabile.

Auke frå desember 2009 til desember 2010

Det samla salet av petroleumprodukt enda på 857 millionar liter i desember 2010. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med desember i 2009. Det er salet av fyringsprodukt som har størst prosentvis auke.

Salet av fyringsprodukt enda på 102 millionar liter, ein auke på om lag 46 prosent eller 32 millionar liter. Fyringsprodukt stod for nesten 12 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i desember. Ein må tilbake til januar 2004 for å finne høgare sal i ein einskild månad. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 8,77 kroner i desember, dette var ein auke på 19,7 prosent frå desember i 2009.

Salet av autodiesel syna også ein auke med om lag 16 prosent i desember, og enda på 306 millionar liter. Salet av autodiesel utgjorde over en tredjedel av det totale salet. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 5,5 prosent og enda på 130 millionar liter. Prisen på autodiesel auka med 14,8 prosent frå desember 2009, og kosta i gjennomsnitt 12,57 kroner i desember. Ein liter 98 oktan blyfri bensin kosta 13,65 kroner og ein liter 95 oktan blyfri kosta 13,22 kroner. Dette tilsvarar ein auke på høvesvis 8,9 og 9,2 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 23 utkøyringsdagar i desember i 2010, medan det i desember 2009 var 22.

Tabeller: