8810
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8810
Auka petroleumssal og høgare prisar
statistikk
2010-12-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka petroleumssal og høgare prisar

Det totale salet av petroleumsprodukt var 872 millionar liter i november 2010. Dette er ein auke på 12,8 prosent samanlikna med november sist år.

Salet av autodiesel auka med heile 20,9 prosent, medan salet av fyringsprodukt auka med heile 48 prosent. Det vart selt 321 millionar liter autodiesel i november, som er 55 millionar liter meir enn i november sist år. Salet av autodiesel stod for om lag 37 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

70 prosent av det totale dieselsalet var avgiftspliktig. Tal frå Opplysningskontoret for Veitrafikken syner at 77,7 prosent av alle nyregistrerte biler i november hadde dieselmotor. Samstundes var prisen på autodiesel på sitt høgaste nivå hittil i år. I november kosta ein liter avgiftspliktig diesel i gjennomsnitt 12,14 kroner. Dette er 9,8 prosent meir enn i same månad sist år.

Prisane på bilbensin auka

Salet av bilbensin enda på 122 millionar liter, som er ein reduksjon på 4,1 prosent. Prisane på bilbensin var i gjennomsnitt 13,13 kroner for ein liter blyfri 98 oktan og 12,76 for ein liter blyfri 95 oktan. Dette er ein auke på høvesvis 4,1 og 5,2 prosent frå november 2009. Salet av bilbensin stod for om lag 14 prosent av det totale petroleumssalet.

Meir til fyring

Det samla salet av fyringsparafin og lette fyringsoljar enda på omlag 62 millionar liter. Dette er litt over 20 millionar liter meir enn i november sist år, og tilsvarar ein auke på 48 prosent. Ein kald november og høge strømprisar kan være årsaker til auken. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 8,42 kroner, som er ein auke på 14,2 prosent frå november 2009.

Andre produkt

Det vart selt 155 millionar liter marine gassoljer i november, det same som i november sist år. Salet av marine gassoljer utgjorde om lag 18 prosent av det toale salet av petroleumsprodukt. Det vart selt 90 millionar liter jetdrivstoff, ein auke på 28 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i november i år, medan det i november sist år var 21.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB