8812
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8812
Liten auke i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2010-11-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktoktober 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i salet av petroleumsprodukt

Det vart selt 849 millionar liter petroleumsprodukt i oktober 2010. Dette er ein auke på 2,1 prosent eller om lag 17 millionar liter samanlikna med oktober sist år.

Det samla salet av autodiesel enda på 295 millionar liter.Dette er ein auke på om lag 18 millionar liter eller 6,7 prosent. Ser ein på utviklinga i prisen, har dieselprisen auka med 11,5 prosent det siste året. Ein liter autodiesel kosta i gjennomsnitt 11,85 kroner i oktober i år. Salet av autodiesel står for 35 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Salet av bilbensin enda på 138 millionar liter.Dette er ein reduksjon på 2,3 prosent, eller om lag 3 millionar liter. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 12,98 kroner for blyfri 98 oktan og 12,57 kroner for blyfri 95 oktan i august i år. Dette er ein auke på høvesvis 0,7 og 1 prosent det siste året. Salet av bilbensin stod for 16 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Andre produkt

I oktober vart det selt 91 millionar liter jetdrivstoff, som er ein auke på om lag 25 prosent. Det vart selt 158 millionar liter marine gassoljer, ein reduksjon på 1,4 prosent. Salet av marine gassoljer stod for 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Utkjøyringsdagar:

Det var 21 utkjøyringsdagar i oktober i år, det same som i oktober 2009.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB