8814
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8814
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2010-10-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktseptember 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

I dei ni første månadane i år var det samla salet av petroleumsprodukt på 7,3 milliardar liter. Dette er ein auke på 3,5 prosent samanlikna med same periode i 2009. Veksten i salet av autodiesel held fram.

Total sal av petroleumsprodukt. Januar-september 2000-2010. Millionar liter

Sal av bensin og diesel. Januar-desember 2000-2009 og januar-september 2010. Millionar liter

Tal for dei tre første kvartala i år syner ein auke i salet av autodiesel på 8,4 prosent samanlikna med same periode sist år. Det totale salet enda på 2,4 milliardar liter, ein auke på189 millionar liter. Den avgiftspliktige autodieselen stod for 76 prosent av salet. Salet av autodiesel stod aleine for 33 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på prisutviklinga i same periode har prisen på ein liter autodiesel stege med 95 øre. I perioden januar til september sist år kosta den i gjennomsnitt 10,66 kroner medan i år var prisen i gjennomsnitt på 11,61 kroner.

Det vart selt om lag 1,2 millionar liter bilbensin i dei ni første månadane i år. Det er ein reduksjon på 78 millionar liter eller 5,9 prosent. Salet av bilbensin stod for rett under 17 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I gjennomsnitt har prisen på ein liter 98 oktan bensin auka med 1,04 kroner til 13,08 kroner , og ein liter 95 oktan har auka med ei krone til 12,64 kroner. Samla stod salet av autodiesel og bilbensin for 50 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Auka sal av fyringsprodukt

Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer auka i dei ni første månadane i år. Salet enda på 430 millionar liter, og dette er ein auke på om lag 17 prosent samanlikna med same periode sist år. Samstundes har prisen på fyringsolje auka frå i gjennomsnitt å koste 7,17 kroner til 8,04 kroner per liter.

Salet av marine gassoljer stod for 18,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet enda på litt under 1,4 milliardar liter. Dette er ein liten auke på 0,3 prosent samanlikna med fjorårets ni første månadar. Salet av jetdrivstoff enda på 712 millionar liter, ein auke på 6,6 prosent eller 44 millionar liter.

Priser på fyringsolje, bensin og diesel. Januar 2009-september 2010. Kroner per liter

Totalt sal på 876 millionar liter i september

I september enda det totale salet av petroleumsprodukt på 876 millionar liter. Dette er ein auke på 3,3 prosent eller om lag 28 millionar liter samanlikna med september i 2009. Autodiesel-salet enda på 288 millionar liter og var meir enn dobbelt så høgt som salet av bilbensin, som enda på 134 millionar liter. Autodiesel-salet steig med 7,3 prosent, og bilbensin-salet vart redusert med 6,9 prosent i september i høve til september 2009.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i september i år, det same som i september i 2009.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB