8816
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8816
Auke i salet av diesel
statistikk
2010-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktaugust 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i salet av diesel

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 883 millionar liter i august i år, dette er ein auke på 6,5 prosent samanlikna med august i 2009. Salet av autodiesel auka med heile 10 prosent i denne perioden.

Det samla salet av autodiesel enda på 288 millionar liter, dette er 26 millionar liter meir enn i august sist år. Ser ein på utviklinga i prisen, har dieselprisen auka med 5 prosent det siste året. I august i år kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 11,57 kroner. Salet av autodiesel står for ein tredjedel av det totale salet av petroleumsprodukt.

Salet av bilbensin enda på 152 millionar liter, dette er ein reduksjon på 2,7 prosent, eller om lag 4 millionar liter. Ein liter bilbensin kosta i august i år i gjennomsnitt 12,96 kroner for blyfri 98 oktan og 12,47 kroner for blyfri 95 oktan, som er ein auke på høvesvis 0,7 og 0,6 prosent det siste året. Salet av bilbensin stod for 17 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Auke i salet av andre produkt

I august vart det selt 93 millionar liter jetdrivstoff, dette er ein auke på 18,6 prosent. Det vart selt 164 millionar liter marine gassoljer, ein oppgang på 7,4 prosent. Salet av marine gassoljer stod for 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Samla vart det selt 2,6 prosent meir fyringsparafin og lette fyringsoljer i august 2009 enn i same månaden året før.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i august i år, i august 2009 var det 21.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB