8818
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8818
Auka sal av petroleumsprodukt i juli
statistikk
2010-08-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuli 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt i juli

I juli i år vart det til saman selt 828 millionar liter petroleumsprodukt, dette er ein auke på 5,5 prosent, eller 43 millionar liter, samanlikna med juli sist år. Salet av autodiesel auka med heile 10,2 prosent i juli.

Det vart selt 262 millionar liter autodiesel i juli i år, dette er 24 millionar liter meir enn i juli 2009. I same perioden har prisen på autodiesel auka med 8,4 prosent, eller med 91 øre. I juli kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt kroner 11,70. Autodiesel stod for om lag 32 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og nær 80 prosent av det totale dieselsalet er sal av avgiftspliktig autodiesel. Salet av bilbensin enda på 157 millionar liter, dette er ein reduksjon på 4,9 prosent, eller 8 millionar liter frå same månaden i fjor. Salet av bilbensin stod for 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I juli kosta ein liter blyfri 95 oktan bilbensin kroner 12,72, dette er 59 øre meir enn i juli sist år. For 98 oktan var prisen kroner 13,14, som tilsvarar ein oppgang på 53 øre.

87 millionar liter jetdrivstoff

Det vart selt 161 millionar liter marine gassoljer i juli, dette er ein liten auke på 0,2 prosent, eller om lag ein kvart millionar liter, frå juli i fjor. Salet av marine gassoljer stod for 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av jetdrivstoff enda i juli på 87 millionar liter, ein auke på 9,6 prosent, eller litt under 8 millionar liter. Det vart selt 21 millionar liter fyringsparafin og lette fyringsoljer i juli i år, dette er 7,2 prosent, eller 1,4 millionar liter, meir enn i juli i fjor.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkjøringsdagar i juli i år, i juli sist år var det 23.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB