8820_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8820
Auka petroleumssal i første halvår 2010
statistikk
2010-07-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuni 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka petroleumssal i første halvår 2010

Det samla salet av petroleumsprodukt var 4,7 milliardar liter dei seks første månadane i år. Dette er ein auke på 3 prosent frå same perioden i fjor. Utviklinga med auka sal av autodiesel og redusert bilbensinsal held fram. Det vart selt dobbelt så mykje autodiesel som bilbensin.

I første halvår i år vart det selt 799 millionar liter bilbensin og 1,6 milliardar liter autodiesel. Salet av bilbensin vart redusert med 6,2 prosent, eller 53 millionar liter, samanlikna med første halvår 2009. Samstundes auka salet av autodiesel med 8,5 prosent, eller 125 millionar liter. Av all autodiesel som vart selt i første halvår, var 75 prosent avgiftspliktig. Ifølgje tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk var 73,2 prosent av alle nyregistrerte bilar utstyrte med dieselmotor i første halvår i år. Ser ein på salet av bilbensin og autodiesel samla, utgjorde dei to rett over 50 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet for dei to drivstofftypane enda på litt under 2,4 milliardar liter. Dette er ein auke på 3,2 prosent, eller om lag 72 millionar liter samanlikna med perioden januar-juni sist år.

Sal av bensin og diesel første halvår 2000-2010. Millionar liter

Høgare prisar på bilbensin og autodiesel

Samanliknar ein utviklinga i prisane for bilbensin og autodiesel i første halvår i år med første halvår i fjor, har prisane på begge produkta stige. I gjennomsnitt kosta ein liter 95 oktan bilbensin 11,33 kroner i første halvår i 2009 medan literprisen var 12,60 kroner i same perioden i år. Dette er ein auke på 11,2 prosent. For 98 oktan bilbensin var auken på 12 prosent . Autodiesel har stige frå ein gjennomsnittspris på 10,55 kroner til 11,61 kroner, som tilsvarar ein auke på 10 prosent. I gjennomsnitt har prisane på bilbensin og autodiesel stige med 11,1 prosent frå første halvår 2009 til første halvår i år.

Meir fyringsolje selt

Dei seks første månadane i år vart det selt 308 millionar liter lett fyringsolje. Dette er ein auke på om lag 21 prosent, eller 54 millionar liter samanlikna med førre året. Det vart selt 38 millionar liter fyringsparafin, som utgjer ein auke på om lag 5 millionar liter, eller 13,9 prosent. Ein kald vinter kan vere ei medverkande årsak til det auka salet. Prisen på ein liter fyringsolje var om lag ei krone dyrare i første halvår i år enn på same tida i 2009.

Svak auke i salet av jetdrivstoff

Marine gassoljer utgjorde litt over 18 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i første halvår 2010. Dette salet enda på 875 millionar liter, som er det same som i 2009. Salet av jetdrivstoff enda på 440 millionar liter, dette er ein liten auke på 1,7 prosent, eller om lag 7 millionar liter. Det vart selt 40 millionar liter smøremiddel, og dette inneber ein auke frå første halvår i fjor på om lag 4 millionar liter.

Total sal av petroleumsprodukt første halvår 2000-2010. Millionar liter

294 millionar liter autodiesel selt i juni

I juni i år enda det totale salet av petroleumsprodukt på 868 millionar liter. Dette er ein liten reduksjon samanlikna med same månaden i fjor på 1,4 prosent, eller litt under 13 millionar liter. Salet av autodiesel var på 294 millionar liter, ein auke på 9,5 prosent, eller om lag 25 millionar liter. Salet av bilbensin enda på 151 millionar liter, litt under 13 millionar liter mindre enn juni 2009. Dette inneber ein reduksjon tilsvarande 7,7 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkjøringsdagar i juni i år, det same som i juni i fjor.

Tabeller: