8822_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8822
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2010-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmai 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

I mai i år vart det selt 790 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein auke på 59 millionar liter eller 8,1 prosent samanlikna med mai i fjor.

Det vart selt 261 millionar liter autodiesel i mai, dette er ein auke på 7,9 prosent, eller 19 millionar liter, samanlikna med mai 2009. Salet av bilbensin vart redusert med 4,8 prosent, eller 7,2 millionar liter, og det totale salet enda på om lag 143 millionar liter. Ser ein på dei to produkta samla, er auken i salet på 3 prosent, eller 12 millionar liter. Salet av autodiesel og bilbensin utgjør om lag 51 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

I mai i år kosta ein liter diesel i gjennomsnitt 11,83 kroner, dette er 1,23 kroner eller 11,6 prosent meir enn i mai 2009. Ein liter 95 oktan bensin kosta i gjennomsnitt 12,89 kroner, dette er 1,19 kroner meir, eller ein auke på 10,2 prosent, frå same månaden i fjor. For 98 oktan bensin var prisen 13,33 kroner, ein auke på 1,22 kroner per liter, eller 10,1 prosent.

Andre petroleumsprodukt

Det vart selt 85 millionar liter jetdrivstoff i mai, dette er ein auke på 20 millionar liter, eller om lag 31 prosent, frå mai sist år. Salet av marine gassoljer står for om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I mai enda salet på 150 millionar liter, ein auke på om lag 13 prosent. I mai var det også ein liten auke i salet av fyringsprodukt. Det vart selt 31 millionar liter lett fyringsolje og fyringsparafin, 4,1 prosent meir enn mai sist år.

Det var 18 utkjøringsdagar i mai i år, det same som i mai i fjor.

Tabeller: