8824_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8824
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2010-05-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

I april i år vart det selt 696 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein reduksjon på 1,8 prosent eller 13 millionar liter samanlikna med april sist år. Dei fleste petroleumsprodukta synte ein reduksjon i salet, unntaket er nok ein gong salet av autodiesel.

Salet av autodiesel enda på 246 millionar liter. Dette er ein auke på 8,9 prosent eller om lag 20 millionar liter samanlikna med april 2009. Salet av autodiesel utgjorde om lag 35 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i april i år. Samstundes vart salet av bilbensin redusert med 9,7 prosent. Det totale salet enda på 128 millionar liter, 14 millionar liter mindre enn i april sist år. Ser ein på prisutviklinga for dei to produkta har prisen på bilbeinsin auka litt meir enn prisen på autodiesel. Prisen på bilbensin auka med 14,4 prosent frå april 2009 til april 2010, medan prisen på autodiesel auka med 12,9 prosent i same periode. I april 2010 kosta ein liter bilbensin 95 oktan i gjennomsnitt 12,96 kroner og ein liter 98 oktan 13,36 kroner. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 11,80 kroner.

Mindre jetdrivstoff

Det vart selt 57 millionar liter jetdrivstoff i april, ein reduksjon på 10,5 prosent samanlikna med april sist år. Salet av marine gassoljar enda på 136 millionar liter, ein reduksjon på 11 millionar liter. Etter nokre kalde månader med høgt sal av fyringsprodukt var det i april ein nedgang i salet. Til saman vart det selt 30 millionar liter lette fyringsoljar, ein reduksjon på 4 prosent samanlikna med april sist år.

Utkøyringsdagar

Det var 19 utkøyringsdagar i april 2010, det same som i april 2009.

Tabeller: