8826
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8826
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2010-04-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

I 1. kvartal i år vart det selt 2,4 milliardar liter petroleumsprodukt, ein auke på 5,9 prosent eller 133 millionar liter samanlikna med 1. kvartal 2009. Salet av fyringsprodukt auka kraftig.

Salet av lette fyringsoljer synte ein kraftig auke i 1. kvartal i år med heile 32,8 prosent eller 55 millionar liter samanlikna med same kvartal i 2009. Salet enda på 224 millionar liter. Ein kald vinter med rekordhøge straumprisar kan ha påverka det høge salet. Det vart selt 28 millionar liter fyringsparafin dei tre første månadene i år, ein auke på 24 prosent eller fem millionar liter.

Høgare sal av autodiesel

Det vart selt 797 millionar liter autodiesel i 1. kvartal i år, 70 millionar liter meir enn for same perioden førre året. Ser ein på den avgiftspliktige delen av autodieselsalet, enda den på 589 millionar liter. Det var ein auke på 7,5 prosent eller 41 millionar liter. Salet av autodiesel stod aleine for ein tredjedel av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin vart redusert med 3,9 prosent eller 15 millionar liter, og det totale salet enda på 377 millionar liter i 1. kvartal i år.

Andre produkt

Salet av marine gassoljer har halde seg stabilt. Det vart selt 430 millionar liter i 1. kvartal i år, som var ein liten auke på 0,6 prosent samanlikna med dei tre første månadene førre året. Salet av jetdrivstoff enda på 219 millionar liter, ein auke på 13,5 prosent.

Auka sal og auka prisar i mars

I mars var det samla salet av autodiesel på 280 millionar liter, ein auke på om lag 10 prosent eller 26 millionar liter. I same månaden gjekk salet av bilbensin ned og enda på 135 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 3,4 prosent eller 4 millionar liter samanlikna med mars i 2009. Ser ein på prisutviklinga siste året for dei to produkta, har prisane på både diesel og bensin auka kraftig sia mars førre året. Prisen på avgiftspliktig autodiesel auka med 15,8 prosent eller 1,22 kroner per liter. Prisen på bilbensin auka med 17,5 prosent eller 1,90 kroner for 95 oktan og 16,9 prosent eller 1,91 kroner for 98 oktan. Gjennomsnittsprisane for mars var 11,58 for avgiftspliktig diesel og høvesvis 12,74 kroner for 95 oktan og 13,21 kroner for 98 oktan bensin.

Det vart selt 69 millionar liter lette fyringsoljer i mars. Dette er 20 millionar liter meir enn i mars 2009 og tilsvarar ein auke på heile 41,3 prosent. I mars var gjennomsnittsprisen på fyringsolje 8,05 kroner per liter etter konsumprisindeksen, dette er 1,39 kroner meir enn eitt år tidlegare. Det vart selt 6 millionar liter fyringsparafin, ein auke på 18,2 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 23 utkøyringsdagar i mars 2010, i mars 2009 var det 22.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB