8828
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8828
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2010-03-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 786 millionar liter i februar. Dette er ein auke på 5,4 prosent samanlikna med februar sist år. Dieselsalet auka og var over dobbelt så høgt som salet av bilbensin. Salet av fyringsprodukt har òg stige.

I februar var det samla salet av autodiesel på 259 millionar liter, ein auke på om lag 10 prosent, eller 24 millionar liter. Salet av autodiesel utgjorde ein tredjedel av det totale salet av petroleumsprodukt. I same månaden gjekk salet av bilbensin ned, og enda på 118 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 7,2 prosent, eller 9 millionar liter, samanlikna med februar i 2009. Salet av bilbensin stod for 15 prosent av det totale salet. Ser ein på prisutviklinga siste året for dei to produkta, har bensinprisen auka nesten dobbelt så mykje som prisen på diesel. Prisen på avgiftspliktig autodiesel auka med 7,4 prosent, eller 77 øre, per liter. Prisen på bilbensin auka med 12,5 prosent, eller 1,47 kroner, for 95 oktan og 12,9 prosent, eller 1,37 kroner, for 98 oktan.

Meir fyringsolje selt

Ein kald vinter og uvanleg høge prisar på straum kan ha vore faktorar som har medverka til auka sal av fyringsprodukt. Det vart selt 77 millionar liter lette fyringsoljer i februar. Dette er 14 millionar liter meir enn i februar 2009, eller ein auke på 23 prosent. I februar var gjennomsnittsprisen på fyringsolje 7,62 kroner per liter ifølgje konsumprisindeksen. Dette er 60 øre meir enn eit år tidlegare. Det vart selt 10 millionar liter fyringsparafin, som svarar til ein auke på 2,9 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 20 utkøyringsdagar i februar 2010, det same som i februar 2009.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB