8832_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8832
Lågare sal av petroleumsprodukt i 2009
statistikk
2010-01-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffdesember 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare sal av petroleumsprodukt i 2009

I 2009 vart det samla salet av petroleumsprodukt på om lag 9,4 milliardar liter. Dette er ein reduksjon frå 2008 på 1,2 prosent, eller 111 millionar liter. Sist gong det totale salet var så lågt, var i 2005. For første gong på ni år er salet av autodiesel redusert.

Totalt sal av petroleumsprodukt. 2000-2009. Millionar liter

Sal av bensin og diesel. 2000-2009. Millionar liter

Det totale salet av autodiesel var på om lag 3 milliardar liter i 2009, dette er 0,3 prosent, eller 7,6 millionar liter, mindre enn i 2008. Det var den avgiftsfrie delen av dieselsalet som bidrog til nedgangen. Det vart selt 53 millionar liter mindre avgiftsfri diesel i 2009, og salet enda på 714 millionar liter, eit fall på 6,9 prosent. Salet av avgiftspliktig diesel enda på 2,3 milliardar liter, ein auke på 45 millionar liter, eller 2 prosent. Utviklinga kan ein sjå i samanhang med lågare aktivitet i industri- og anleggsektoren der ein finn maskiner som nyttar den avgiftsfrie varianten. Samstundes går stadig fleire personbilar på diesel; dieselandelen blant nyregistrerte bilar var på rett under 73 prosent i 2009, syner tal frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken (OFV). Trenden med redusert sal av bilbensin held fram, salet enda på 1,7 milliardar liter i 2009. Dette svarar til ein nedgang på 6,3 prosent, eller 115 millionar liter. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin under eitt, vart det samla salet på 4,8 milliardar liter, ein reduksjon på 123 millionar liter, eller 2,5 prosent. I 2009 stod bilbensin og autodiesel for om lag 51 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Auka sal av fyringsoljer

Trass i at styresmaktene har sett fokus på miljøkonsekvensane ved bruk av fossile brensel, har salet av fyringsoljer auka i 2009. Salet enda på 459 millionar liter, som svarar til ein auke frå 2008 på 38 millionar liter, eller 9 prosent . Lågare oljeprisar kan være ei medverkande årsak til denne utviklinga. Det vart selt 68 millionar liter fyringsparafin i 2009, eit fall på 11 prosent, eller 8 millionar liter.

Mindre flytrafikk

Tal frå Avinor syner ein samla tilbakegang i flytrafikken i 2009 på 4,1 prosent samanlikna med 2008. Reduksjonen i salet av jetdrivstoff var på 19 millionar liter, eller 2,1 prosent i det same tidsrommet. Totalt vart det selt 876 millionar liter i 2008.

Sal av marine gassoljer gjekk opp

Salet av marine gassoljer utgjorde i fjor 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2009 vart det selt om lag 1,8 milliardar liter av desse oljene. Dette er ein auke frå 2008 på 47 millionar liter, eller 2,7 prosent .

Liten reduksjon i salet i desember 2009

I desember vart det samla selt 775 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein nedgang på 3 millionar liter, eller 0,3 prosent, samanlikna med desember 2008.

Salet av bilbensin enda på 138 millionar liter, ein reduksjon tilsvarande 11 millionar liter, eller 7,2 prosent. For autodiesel auka salet med 8 millionar liter, eller 8 prosent, og enda dermed på 263 millionar liter. Ser ein på dei to produkta under eitt, vart det totale salet på 401 millionar liter. Dette inneber ein nedgang på 3 millionar liter, eller 2,8 prosent samanlikna med desember 2008. I desember 2009 utgjorde salet av autodiesel og bensin om lag 52 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Salet av jetdrivstoff enda på 75 millionar liter, ein auke på om lag 16 prosent, eller 10 millionar liter samanlikna med desember 2008. Salet av lette fyringsoljer auka med 15 prosent i det same tidsrommet, frå 53 millionar liter i desember 2008 til 61 millionar liter i desember 2009.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i desember 2009, medan det i desember 2008 var 21.

Tabeller: