8834_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8834
Lågare sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-12-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffnovember 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare sal av petroleumsprodukt

Tal for november syner ein reduksjon i salet av petroleumsprodukt. Det vart selt 769 millionar liter i november i år, ein nedgang på 1,6 prosent, eller om lag 13 millionar liter, samanlikna med same månad sist år.

Salet av autodiesel og bilbensin utgjer om lag halvparten av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på dei to produkta samla, vart salet redusert med 0,2 prosent i november jamført med november sist år. Salet av bilbensin vart redusert med 5,5 prosent, eller 7,4 millionar liter, og enda på 127 millionar liter. Salet av autodiesel enda på 265 millionar liter, ein auke på 2,6 prosent, eller 6,7 millionar liter. Av det totale autodieselsalet er om lag 75 prosent avgiftspliktig.

Mindre fyringsprodukt

Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer vart redusert med 10 millionar liter i november. Det totale salet av fyringsprodukt enda på 42 millionar liter, ein samla reduksjon på 19 prosent. Salet av fyringsparafin utgjorde 5 millionar liter, og salet av lette fyringsoljer var på 37 millionar liter.

Det vart selt 70 millionar liter jetdrivstoff, ein liten reduksjon på 0,9 prosent, eller 620 000 liter. Tal frå Avinor syner at flytrafikken har halde seg på omtrent same nivået i november i år som i november i fjor.

Utkøyringsdagar

Det var 21 utkøyringsdagar i november i år, i november 2008 var det 20.

Tabeller: