8836
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8836
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-11-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktoktober 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt i oktober var på 831 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 1,5 prosent, eller 12 millionar liter, samanlikna med oktober 2008.

Det vart selt 135 millionar liter bilbensin i oktober. Dette er ein reduksjon på 9,6 prosent, eller 14,5 millionar liter, samanlikna med den same månaden sist år. Autodieselsalet syner ein liten reduksjon på 0,2 prosent, eller om lag 56 000 liter. Salet enda på 277 millionar liter. Den avgiftspliktige delen av autodieselsalet var på 206 millionar liter, ein liten stiging på 0,1 prosent. Ser ein autodiesel og bilbensin under eitt, var den samla tilbakegangen på 3,5 prosent, eller 15,1 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel står til saman for halvparten av det totale salet av petroleumsprodukt.

Fall i salet av jetdrivstoff

Det vart selt 41 millionar liter lette fyringsoljer i oktober, ein auke på 9,7 prosent, eller 4 millionar liter. Salet av fyringsparafin gjekk ned med 9,4 prosent, eller om lag 760 000 liter, og enda på 7 millionar liter.

Ser ein på det totale petroleumssalet i oktober 2009, utgjorde salet av marine gassoljer nær 20 prosent. Det samla salet var på 160 millionar liter, det vil seie ein oppgang på 8,6 prosent, eller 12,7 millionar liter.

Det vart selt 72 millionar liter jetdrivstoff. Dette inneber ein nedgang på meir enn 17 prosent, eller 15,2 millionar liter.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i oktober i år, i oktober 2008 var det 23.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB