8838_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8838
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-10-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

I dei tre første kvartala av 2009 var det samla salet av petroleumsprodukt på 7 milliardar liter. Dette er ein reduksjon på 1,1 prosent, eller om lag 80 millionar liter, samanlikna med den tilsvarande perioden i fjor.

Dei siste åra har salet av autodiesel auka kraftig. Denne trenden ser ikkje ut til å halde fram i 2009. I dei ni første månadene i år vart det selt 2,2 milliardar liter autodiesel, ein reduksjon på 15 millionar liter samanlikna med den same perioden sist år. Utviklinga er like fullt ulik for den avgiftsfrie dieselen og den avgiftspliktige. Den avgiftsfrie dieselen syner ein nedgang på 8,4 prosent i dei tre første kvartala av 2009. Samanlikna med denne perioden i fjor auka derimot salet av den avgiftspliktige dieselen med 1,9 prosent.

Færre nye dieselbilar

Informasjon frå Opplysningsrådet for Veitrafikken syner at det blant nyregistrerte bilar hittil i år er 70,9 prosent med dieselmotor. Tala inneber ein nedgang på 1,4 prosent i høve til den same perioden i fjor.

Framleis lågare bensinsal

Trenden med redusert sal av bilbensin held fram. I dei ni første månadene av 2009 vart det selt i overkant av 1,3 milliardar liter bilbensin, ein reduksjon på 79 millionar liter, eller 5,6 prosent, i høve til den same perioden i fjor. Samla stod salet av bilbensin og autodiesel for 50,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i dei ni første månadene i 2009. Dette er ein tilbakegang på 0,8 prosentpoeng frå den same perioden i fjor.

Sal av bensin og diesel januar-september. 2000-2009. Millionar liter

Meir til fyring

Medan salet av fyringsparafin dei tre første kvartala i 2009 blei redusert med 12 prosent, vart det selt 12 prosent meir av lette fyringsoljer. Samla var salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer på 367 millionar liter dei ni første månadene i 2009, ein auke på 8 prosent.

Mindre flytrafikk reduserer drivstoffsalet

Det vart selt 629 millionar liter jetdrivstoff i perioden januar til september i år. Dette er ein reduksjon på 7,5 prosent i høve til den same perioden i fjor. Tal frå Avinor syner ein samla nedgang i flytrafikken på 6 prosent for den same perioden. Medan utanlandstrafikken går ned 9,5 prosent, går innanlandstrafikken ned 3,9 prosent.

Auka sal av marine gassoljer

Salet av marine gassoljer stod for om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i dei tre første kvartala i år og enda på om lag 1,3 milliardar liter. Dette svarar til ein auke på 2,7 prosent i høve til den same perioden i fjor.

Totalsalet redusert i september

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 847 millionar liter i september i år. Dette er ein nedgang på 2,3 prosent samanlikna med den same månaden i 2008.

Det vart selt 144 millionar liter bilbensin i september i år, ein reduksjon på 5,6 prosent, eller 8,5 millionar liter, samanlikna med september sist år. Salet av autodiesel sank med 0,7 prosent i den same perioden og utgjorde i september i år 268 millionar liter. Ser ein derimot berre på den avgiftspliktige delen av autodieselsalet, auka omsetninga med 4,1 prosent frå september i fjor. Salet enda dermed på 209 millionar liter. Samla stod salet av bilbensin og autodiesel for nær halvparten av det totale salet av petroleumsprodukt i september i år.

Mindre til fyring og flytrafikk enn i september i fjor

I september i år vart det selt 77 millionar liter jetdrivstoff. Det er ein nedgang på 8,3 prosent samanlikna med september i fjor. Tal frå Avinor syner ein samla nedgang i flytrafikken på 4,2 prosent for den same perioden.

Samla var salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer på 33 millionar liter i september, ein reduksjon på om lag 2,6 millionar liter.

Utkøyringsdagar

Det var 22 utkøyringsdagar i september i år, det same som i september i fjor.

Tabeller: