8840_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8840
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffaugust 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 810 millionar liter i august i år. Dette er ein auke på 3,8 prosent eller 29,7 millionar liter samanlikna med same månaden i 2008.

Det vart selt 152 millionar liter bilbensin i august i år, ein reduksjon på 4,2 prosent eller 6,7 millionar liter samanlikna med august sist år.

Salet av autodiesel auka derimot med 4,1 prosent eller om lag 10 millionar liter i same periode og utgjorde i august i år 255 millionar liter. Ser ein berre på den avgiftspliktige delen av autodieselsalet, var omsetninga på 196 millionar liter, ein auke på 5,1 prosent frå august i fjor.

Samla stod salet av bilbensin og autodiesel for 50,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i august i år. Dette er ein auke på om lag 0,8 prosent eller 3,4 millionar frå same månaden i fjor.

Andre produkt

I august i år vart det selt 78 millionar liter jetdrivstoff, noko som er på same nivå som i august sist år.

Samla var salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer på 27 millionar liter i august, ein auke på om lag 3,3 million liter eller 13,9 prosent.

Salet av marine gassoljar stod for om lag 18,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i august i år og enda på 148 millionar liter. Dette svarar til ein auke på 4,9 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i august i år, mot 22 i august i fjor.

Tabeller: