8842_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8842
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-08-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuli 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 780 millionar liter i juli i år, ein reduksjon på 5,3 prosent samanlikna med same månaden i 2008.

Det vart selt 169 millionar liter bilbensin i juli i år. Dette er ein reduksjon på 5,1 prosent, eller 9 millionar liter, samanlikna med juli førre året.

Salet av autodiesel vart redusert med 1,4 prosent i same perioden, noko som tilsvarar om lag 4 millionar liter. Det totale salet av autodiesel enda på 243 millionar liter i juli i år. Ser ein bere på den avgiftspliktige delen av autodieselsalet, var den på 194 millionar liter, ein auke på 4,7 prosent sett i høve til juli 2008.

Samla står salet av bilbensin og autodiesel for 52,9 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser ein på dei to produkta samla, vart salet redusert med 2,8 prosent, eller 12 millionar liter, i juli i år, sett i høve til den same perioden i fjor.

Andre produkt

I juli i år vart det selt 74 millionar liter jetdrivstoff, ein reduksjon på 9,1 prosent eller om lag 7 millionar liter samanlikna med juli førre året. Tal frå Avinor syner ein samla tilsvarande reduksjon i flytrafikken på 9,7 prosent.

Samla var salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer på 20 millionar liter i juli, ein reduksjon på om lag ein halv million liter eller 2,3 prosent samanlikna med juli 2008.

Salet av marine gassoljar stod for 20,1 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt og enda på 157 millionar liter i juli, ein liten reduksjon på 1,3 prosent sett i høve til same perioden i fjor.

Det var 23 utkøyringsdagar i juli i år, mot 22 i juli 2008.

Tabeller: