8844_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8844
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-07-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuni 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 4,6 milliardar liter i første halvår av 2009. Dette er ein reduksjon på 1,8 prosent samanlikna med første halvår i 2008. Stort sett alle dei ulike petroleumsprodukta syner reduksjon i salet.

I dei seks første månadene i år vart det selt 1,5 milliardar liter autodiesel,ein reduksjon på 1,8 prosent eller 27,4 millionar liter samanlikna med førre året. Reduksjonen er klart størst for den avgiftsfrie dieselen. Det vart selt 26,7 millionar liter mindre avgiftsfri diesel i første halvår av 2009 enn i same perioden i 2008, medan salet for den avgiftspliktige dieselen hadde ein marginal reduksjon på 0,7 million liter. I same perioden vart salet av bilbensin redusert med 7,1 prosent eller 64 millionar liter, det totale salet enda på 842 millionar liter i første halvår 2009. Ser ein på dei to produkta samla, er salet av drivstoff redusert med 91 millionar liter eller om lag 4 prosent. Samla utgjer autodiesel og bilbensin 50,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Auka sal av lette fyringsoljer

I dei seks første månadane av 2009 vart det selt 432 millionar liter jetdrivstoff, ein reduksjon på 1,4 prosent eller om lag 7 millionar liter. Tal frå Avinor syner ein samla reduksjon i flytrafikken på 5,2 prosent for same periode. Salet av marine gassoljer stod for 18,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt og enda på 847 millionar liter første halvår i år, ein liten reduksjon på 0,6 prosent.

Sal av lette fyringsoljer var eit unntak frå reduksjon i salet. Samla vart det selt 254 millionar liter i første halvår, ein auke på 32 millionar liter eller 14,5 prosent. Samstundes vart salet av fyringsparafin redusert med 12,5 prosent og enda på 34 millionar liter.

Totalsalet redusert i juni

I juni 2009 enda det samla salet av petroleumsprodukt på 836 millionar liter, ein reduksjon på 2,3 prosent. Salet av bilbensin enda på 162 millionar liter, ein reduksjon på 3,5 prosent samanlikna med juni 2008. Autodiesel hadde ein reduksjon på 1,6 prosent og enda på 264 millionar selde liter. Den avgiftspliktige delen av autodieselen hadde ein liten auke på 0,7 prosent og enda på 206 millionar selde liter. Eit anna produkt som synte auka sal i juni var lette fyringsoljer. Det vart selt 27 millionar liter, ein auke på 21,7 prosent.

Salet av jetdrivstoff hadde ein reduksjon på 14,4 prosent i juni og enda på 72 millionar liter.

Det var 21 utkøyringsdagar i juni i år, det same som i juni 2008.

Tabeller: