8846_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8846
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-06-23T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmai 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt i mai var på 741 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 6,3 prosent eller 49 millionar liter samanlikna med same månad i fjor. Hittil i år har det totale salet av petroleumsprodukt gått ned med 1,7 prosent samanlikna med dei fem første månadene i 2008.

Det vart selt mindre bilbensin og autodiesel i mai i år samanlikna med i mai i fjor. Salet av bilbensin enda på 149 millionar liter, ein reduksjon på 8,7 prosent eller 15 millionar liter. Samla sal av autodiesel sank med 6,6 prosent, og enda på 243 millionar liter. Den avgiftspliktige delen av autodieselsalet var på 187 millionar liter i mai i år. Dette er ein reduksjon på 5 millionar liter, eller 2,4 prosent, sett i høve til mai i fjor. Ser ein på bilbensin og autodiesel under eit, var den samla reduksjonen på 32 millionar liter eller 7,5 prosent. Bilbensin og autodiesel stod for 54,9 prosent av det samla petroleumssalet i mai i år.

Redusert sal av fyringsprodukt

Salet av fyringsprodukt var lågare i mai i år enn i same månad i fjor. Det vart omsett 4 millionar liter fyringsparafin, ein reduksjon på 27,7 prosent. For lette fyringsoljer vart salet redusert med 6,5 prosent og enda på 26 millionar liter.

Det vart selt 75 millionar liter jetdrivstoff i mai i år, ein auke på 3,7 prosent frå mai i fjor. Marine gassoljer utgjer om lag 18 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og i mai i år vart salet redusert med 5,4 prosent og enda på 133 millionar liter.

I mai 2009 var det 19 utkjøringsdagar, i mai 2008 var det 20 dagar.

Tabeller: