8848_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8848
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-05-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt har hittil i år vore på 2,9 milliardar liter. Dette er ein reduksjon på 2,8 prosent, eller 84 millionar liter, samanlikna med dei fire første månadene i 2008.

Det vart selt 531 millionar liter bilbensin dei fire første månadene i år, noko som er ein reduksjon på 7,6 prosent eller 43 millionar liter. Salet av autodiesel gjekk også ned i same perioden, og det samla salet enda på 957 millionar liter - ein reduksjon på 0,6 prosent eller 5 millionar liter. Ser ein på dei to produkta samla, vart salet redusert med om lag 50 millionar liter, eller 3,3 prosent. Bilbensin og autodiesel utgjer til saman 50,9 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt.

Meir fyringsolje

Det vart selt 213 millionar liter lette fyringsoljer dei fire første månadene i 2009. Dette er ein auke på 23,7 prosent, eller 41 millionar liter. Lågare temperatur og lågare pris på olje i forhold til strøm kan ha medverka til det auka salet.

Påska gav lågt sal i april

Det samla salet av petroleumsprodukt i april i år var på 710 millionar liter, ein reduksjon på 9 prosent, eller 70 millionar liter samanlikna med april 2008. Reduksjonen har samanheng med at påska i år var i april, mens den var i mars i 2008. Dette gav fire færre leveringsdagar i april i år - 18 i april 2009 og 22 i april 2008.

Tabeller: