8850
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8850
Nedgang i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2009-04-21T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i salet av petroleumsprodukt

I 1. kvartal av 2009 var det samla salet av petroleumsprodukt på 2,2 milliardar liter. Dette tilsvarar ein reduksjon på 0,6 prosent, eller om lag 13 millionar liter, samanlikna med dei tre første månadene i 2008. Nedgangen har vært størst i salet av jetdrivstoff.

Tal for 1. kvartal viser ein kraftig reduksjon i salet av jetdrivstoff. I denne perioden blei det selt 166 millionar liter, ein reduksjon på heile 20,3 prosent, eller 42 millionar liter, jamført med den tilsvarande perioden i 2008. Tal frå Avinor viser ein tilsvarande samla reduksjon i flytrafikken på 6,1 prosent i den same perioden. Det er spesielt kraftig reduksjon i trafikken til utlandet. Berre i mars aleine var nedgangen på 10,6 prosent samanlikna med den same månaden i 2008.

Drivstoff

Dei siste åra har salet av autodiesel auka, medan bensinsalet har minka. Den trenden held fram også i 1. kvartal i år. Salet av autodiesel enda på 730 millionar liter, ein auke på 3,2 prosent, eller om lag 23 millionar liter. For den same perioden enda salet av bilbensin på 392 millionar liter, ein reduksjon på 7,8 prosent, eller 33 millionar liter. Tal frå Opplysingsrådet for vegtrafikken syner at dieseldelen på nyregistrete bilar heldt seg på et høgt nivå også i 2009. Delen dieseldrivne nye personbilar var nemleg 70,2 prosent i mars i år. Hittil i år har den gjennomsnittlege prisen på autodiesel vore 39 øre lågare enn prisen på bilbensin, viser tal frå Norsk Petroleumsinstitutt. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, blei det selt om lag 1 prosent mindre drivstoff i 1. kvartal i år. Salet av dei to produkta står til saman for 50,7 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Meir til fyring

Det blei til saman selt 178 millionar liter lett fyringsolje i 1. kvartal i år, ein auke på 31,2 prosent, eller 42,3 millionar liter, samanlikna med den same perioden sist år. Høgare straumprisar, lågare temperatur og lågare pris på olje kan være faktorar som har påverka til det auka salet.

Auka sal i mars

I mars 20091 var det samla salet av petroleumsprodukt på 770 millionar liter, ein auke på 2,7 prosent samanlikna med mars 2008. Denne auken kan nok i stor grad forklarast med at påsken i 2008 var i mars, og at det derfor var tre færre leveringsdagar i mars dette året enn i den same månaden i år.

Salet av autodiesel hadde ein auke på 11,1 prosent, eller 25,4 millionar liter, og enda på 254 millionar liter. Det samla salet av bilbensin var på 140 millionar liter, ein reduksjon på 6,1 prosent eller om lag 9 millionar liter. Salet av jetdrivstoff sokk med 7,4 prosent i mars, og enda på 64 millionar liter. Salet av lett fyringsolje auka med 17 prosent, og enda på 53 millionar liter.

I mars 2009 var det 21 utkjøringsdagar, og i mars 2008 var det 18 utkjøringsdagar.

1  Rettet 21. april 2009 kl. 1018.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB