8852_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8852
Auka sal av fyringsprodukt
statistikk
2009-03-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstofffebruar 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av fyringsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt i februar var på 699 millionar liter, ein reduksjon på 5,9 prosent, eller 44 millionar liter, samanlikna med februar i 2008. Medan dei fleste petroleumsprodukta synte ein reduksjon i salet, auka salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin.

Det vart til saman selt 74 millionar liter fyringsprodukt i februar i år. I den same perioden sist år var det samla salet på 53 millionar liter. Salet av lette fyringsoljer enda på 65 millionar liter og salet av fyringsparafin enda på 9 millionar liter, ein auke på høvesvis 45,4 og 8,4 prosent.

Februar i år har vore kaldare enn normalen, noko som er med på å forklare veksten. Prisen på fyringsolje var òg låg i februar, med ein pris som låg 1,10 kroner lågare per liter i forhold til februar sist år. Auka straumprisar for den same perioden kan også ha påverka det auka salet av fyringsprodukt.

Redusert bensin- og dieselsal

Det vart selt 127 millionar liter bilbensin i februar. Dette er ein reduksjon på 7,1 prosent, eller nesten 10 millionar liter, samanlikna med den same månaden i 2009. For den same perioden var reduksjonen i salet av autodiesel på 3,2 prosent, eller nesten 8 millionar liter. Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, vart det selt 4,8 prosent eller 17 millionar liter mindre drivstoff i februar i år. Salet av dei to produkta stod til saman for 51,8 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i februar. Prisane på autodiesel og bensin var litt lågare i februar samanlikna med februar førre året.

Til saman vart det selt 138 millionar liter marine gassoljer i februar i år, dette er om lag det same som i februar sist år. Salet av marine gassoljer utgjer om lag 19,7 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i år, i februar 2008 var det 21.

Tabeller: