8854_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8854
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2009-02-23T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjanuar 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Året starta med reduksjon i det samla salet av petroleumsprodukt. Det vart selt 684 millionar liter i januar, ein reduksjon på 6,6 prosent, eller 49 millionar liter, samanlikna med januar 2008.

Drivstoff til bil

Det samla salet av bensin og diesel i januar i år var på 366 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 2,5 prosent, eller 9 millionar liter, samanlikna med same periode i fjor.

Ser ein på dei to produkta kvar for seg, vart salet av bensin redusert med 10,2 prosent, eller 14,3 millionar liter. Salet av bensin enda på 126 millionar liter.

For same periode enda salet av diesel på 240 millionar liter. Dette er ein auke på 2,2 prosent, eller 5,1 millionar liter. I januar i år utgjer salet av bensin og diesel 53,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Fyringsprodukt

Det ble til saman selt 69 millionar liter fyringsprodukt i januar i år. I same periode i 2008 var det samla salet på 55 millionar liter. Salet av lette fyringsoljer auka med 31,3 prosent, og enda på 61 millionar liter. Salet av fyringsparafin enda på 8 millionar liter. Dette er ein reduksjon på 2,3 prosent.

Til saman vart det selt 131 millionar liter marine gassoljer i januar i år. Jamført med januar i fjor, er dette ein liten auke på 5,3 prosent. Salet av marine gassoljer utgjer om lag 19,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Det var 21 utkøyringsdagar i januar i år. I januar 2008 var det 22.

Tabeller: