8856
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8856
Redusert sal av petroleumsprodukt i 2008
statistikk
2009-01-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktdesember 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt i 2008

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 9,4 milliardar liter i 2008, ein reduksjon på 4,4 prosent, eller 414 millionar liter, samanlikna med 2007. Salet vart redusert for nær sagt alle petroleumsprodukta, unntaket var sal av autodiesel.

I 2008 vart det selt 3,2 milliardar liter autodiesel, og dette er ein auke på 6,6 prosent, eller 195 millionar liter, samanlikna med 2007. For den same perioden vart salet av bilbensin redusert med 6,3 prosent, eller 116 millionar liter, og det vart selt om lag 1,8 milliardar liter bilbensin i 2008. Dermed held trenden frå dei siste åra fram ved at salet av autodiesel aukar, medan bensinsalet minkar. Tal frå Opplysingsrådet for vegtrafikken syner at dieseldelen på nyregistrerte bilar heldt seg på et høgt nivå også i 2008. Delen dieseldrivne nye personbilar var 72,4 prosent.

I 2008 var den gjennomsnittlige prisen på autodiesel litt lågare enn prisen på bilbensin. Autodiesel hadde ein gjennomsnittleg pris på 12,28 kroner per liter, og prisen for bilbensin var på 12,53 kroner per liter, syner tal frå konsumprisindeksen (KPI). Ser ein på salet av autodiesel og bilbensin samla, vart det selt 1,6 prosent meir drivstoff i 2008 enn i 2007. Salet av dei to produkta stod til saman for 53,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2008.

Mindre til fyring

Det vart selt 440 millionar liter lett fyringsolje i 2008, ein reduksjon på 11,6 prosent frå året før. Prisen på fyringsolje var i gjennomsnitt 2,18 kroner1 dyrare per liter i 2008 enn i 2007, syner tal frå KPI. Dette, kombinert med fokus på miljøkonsekvensar av oljefyring og høgare straumpris, tyder på at det i noko større grad blir nytta alternative kjelder til oppvarming, som vedfyring, pelletsovnar og varmepumper. I 2008 vart salet av fyringsparafin redusert med 34,3 prosent, og det samla salet var på 77 millionar liter. Ser ein på salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer under eitt, var den samla reduksjonen for sal av fyringsprodukt på 77 millionar liter, eller 15 prosent.

Salet av jetdrivstoff vart redusert med 17,3 prosent frå året før. Det vart i 2008 selt til saman 763 millionar liter, 132 millionar liter mindre enn i 2007. Det vart selt 1,6 milliardar liter marine gassoljer i 2008, ein reduksjon på 14,8 prosent, eller 237 millionar liter.

Desember 2008

I desember 2008 var det samla salet av petroleumsprodukt på 758 millionar liter, ein reduksjon på 6,5 prosent samanlikna med desember i 2007. Salet av autodiesel hadde ein auke på 6,4 prosent, eller 16 millionar liter, og enda på 267 millionar liter. Det samla salet av bilbensin var på 149 millionar liter, ein liten auke på 0,3 prosent eller om lag ein halv million liter. Desember var den einaste månaden i 2008 då salet av bilbensin auka. Salet av fyringsprodukt gjekk ned i desember 2008. Det vart til saman selt 63 millionar liter, ein reduksjon på 15,1 prosent samanlikna med desember 2007.

I desember 2008 var det 20 utkjøringsdagar, i desember 2007 var det 19 utkjøringsdagar.

1Tallet er rettet 23.01.2009 kl. 1100.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB