8858
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8858
Lågare sal av petroleumsprodukt
statistikk
2008-12-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare sal av petroleumsprodukt

Tal for november syner ein stor reduksjon i salet av petroleumsprodukt. Det vart selt 753 millionar liter, 9,6 prosent mindre enn i november 2007. Det vart selt mindre av alle petroleumsprodukta, med unntak av autodiesel.

Salet av autodiesel auka med 6,2 prosent eller 15 millionar liter i november i år samanlikna med same månad i 2007. For same periode ble salet av bilbensin redusert med 7,7 eller 11 millionar liter. Samla sett vart det dermed selt fire millionar liter eller om lag 1 prosent meir drivstoff i november i år enn i same månad i fjor. Salet av drivstoff utgjer 53,1 prosent av det totale petroleumssalet.

Lågare sal av fyringsprodukt

Salet av lette fyringsoljer sank med 3,6 prosent eller 2 millionar liter. Salet av fyringsparafin sank med 25 prosent eller 3 millionar liter i november i år. Det var til saman selt 54 millionar liter fyringsprodukt i november i år, ein reduksjon på 7,4 prosent frå november i fjor.

Mindre jetdrivstoff

Det vart selt 48 millionar liter jetdrivstoff i november i år. Dette er ein reduksjon på heile 38,6 prosent eller 30 millionar liter frå november sist år. Tal frå Avinor syner ein reduksjon i flytrafikken for november på 5,4 prosent, noko som tyder på at nedgangen i salet har samanheng med leveranseforhold.

Marine gassoljer utgjer om lag 17,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I november vart det selt 131 millionar liter marine gassoljer, ein reduksjon på 46 millionar liter.

Talet på utkøyringsdagar i oktober i år var 20, i november 2008 var det 22.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB