8860
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8860
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2008-11-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktoktober 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 836 millionar liter i oktober i år, ein reduksjon på 5,5 prosent samanlikna med same månad i 2007.

Det vart selt 150 millionar liter bilbensin i oktober, ein reduksjon på 6,7 prosent eller 12 millionar liter samanlikna med oktober 2007. Salet av autodiesel auka med 0,2 prosent eller med om lag ein halv million liter for same periode. Samla vart det selt 2,3 prosent mindre drivstoff i oktober i år. Salet av drivstoff står for til saman 52,4 prosent av det samla petroleumssalet.

Mindre jetdrivstoff

Salet av fyringsparafin sokk med 1,6 millionar liter og salet av lette fyringsoljer sokk med førtifem tusen liter. Det var til saman selt 47 millionar liter fyringsprodukt i oktober i år, ein reduksjon på 3,6 prosent.

Salet av jetdrivstoff hadde ein liten reduksjon i oktober. Det vart selt 75 millionar i oktober i år, ein reduksjon på 1,8 millionar liter samanlikna med oktober 2007.

Marine gassoljer utgjer om lag 15,7 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I oktober 2007 vart det selt 131 millionar liter marine gassoljer, ein reduksjon på 34 millionar liter.

Talet på utkøyringsdagar i oktober i år var 23, det same som i oktober 2007.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB