8862_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8862
Auke i dieselsalet
statistikk
2008-10-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i dieselsalet

I dei ni første månadane av 2008 vart det selt 2,9 prosent mindre petroleumsprodukt enn i same periode i fjor. Dieselsalet held fram med å auke, men salet av dei fleste andre petroleumsprodukta vart redusert.

Sal av bensin og diesel januar-september 2000-2008 i millionar liter

I dei ni første månadane av 2008 vart det selt 2,3 milliardar liter autodiesel. Dette er 168 millionar liter eller 7,7 prosent meir enn i same periode sist år. I perioden vart det selt 1,4 milliardar liter bilbensin, ein reduksjon på 6,4 prosent eller 95 millionar liter frå sist år. Ser ein på utviklinga i bilparken syner tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken at hittil i år er dieseldelen på nyregistrerte bilar på 72,5 prosent. Salet av autodiesel og bilbensin står for til saman 53,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i dei ni første månadene i 2008, og samla auka salet med 2 prosent.

Mindre til fyring

Både salet av fyringsparafin og fyringsoljer vart redusert i dei tre første kvartala i 2008. Det vart selt 12,7 prosent mindre lette fyringsoljer enn sist år, medan nedgangen i salet av fyringsparafin var på 27,9 prosent. Totalt sal av fyringsprodukt enda på 350 millionar liter dei tre første kvartala i 2008, mot 414 millionar liter i 2007.

Det vart selt 70 millionar liter smørjemiddel i perioden januar til september, ein auke på 11,8 prosent. For dei andre petroleumsprodukta vart salet redusert samanlikna med dei ni første månadene sist år. Salet av jetdrivstoff var på 594 millionar liter, ein reduksjon på 11,8 prosent. Salet av marine gassoljer var på 1,2 milliardar liter, ein reduksjon på 10,8 prosent.

Auka sal i september

I september 2008 vart det selt 845 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein auke på 3,2 prosent eller 26 millionar liter samanlika med september 2007.

Salet av autodiesel i september var 288 millionar liter, 27 millionar liter eller 10,2 prosent meir enn september 2007. Salet av bilbensin var på 152 millionar liter, ein nedgang på 5 millionar liter eller 2,5 prosent.

Marine gassoljer hadde ein reduksjon i salet på 2,9 prosent. Det vart selt 142 millionar liter av produktet i september i år. For fyringsprodukt (fyringsolje og parafin) var salet om lag som for september sist år.

Det var 22 utkøyringsdagar i september i år, mot 20 i september 2007.

Tabeller: