8864_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8864
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2008-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffaugust 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Salet av petroleumsprodukt var på i alt 777 millionar liter i august 2008, ein nedgang på 13,2 prosent frå august i fjor. Samla sal av bensin og autodiesel vart redusert med om lag 6 prosent.

Salet av autodiesel utgjorde 262 millionar liter i august i år. Det er ein reduksjon på 6 millionar liter, eller 2,2 prosent mindre enn same periode i 2007. Salet av bilbensin blei redusert med 10,7 prosent. I august i 2008 vart det selt 164 millionar liter, 19 millionar liter færre enn i fjor.

Det samla salet av bensin og autodiesel var på 425 millionar liter i august i år, det er ein reduksjon på 25 millionar liter, eller 5,9 prosent, samanlikna med same periode sist år.

Det vart selt 126 millionar liter marine gassoljer i juli i år, ein reduksjon på 25,4 prosent. Salet av jetdrivstoff enda på 65 millionar liter, ein reduksjon på 29,5 prosent.

Salet av fyringsparafin og lett fyringsolje vart også redusert samanlikna med same månad i fjor. I august i år vart det selt 4 millionar liter fyringsparafin, ein reduksjon på 44,7 prosent. Salet av lette fyringsoljer enda på 21 millionar liter, ein reduksjon på 16,4 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i august i år, i august 2007 var det 23.

Tabeller: