8866
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8866
Liten endring i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2008-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuli 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten endring i salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 800 millionar liter i juli 2008, ein marginal nedgang på 0,6 prosent, eller om lag 5 millionar liter. Salet av autodiesel og fyringsolje gjekk opp, medan salet av bilbensin, marine gassoljer, jetdrivstoff og fyringsparafin gjekk ned.

Auken i salet av autodiesel held fram. Til saman vart det selt 254 millionar liter i juli i år. Det er 20 millionar fleire liter, eller 8,4 prosent meir enn i same perioden i 2007. Salet av autodiesel utgjer nå om lag 59 prosent av det samla salet av drivstoff til bil og 32 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. For same perioden vart salet av bilbensin redusert med 4,5 prosent. I juli i år vart det selt 178 millionar liter, 9 millionar liter færre enn i same månaden i fjor. Det samla salet av bensin og autodiesel var på 432 millionar liter i juni i år, ein auke på 11 millionar liter samanlikna med same perioden siste året.

Annan transport

Det vart selt 147 millionar liter marine gassoljer i juli i år, ein reduksjon på 7 prosent eller 12 millionar liter samanlikna med same perioden i fjor. Salet av jetdrivstoff enda på 66 millionar liter, ein reduksjon på 16,2 prosent.

Fyringsprodukt

Salet av fyringsparafin vart redusert, medan salet av lett fyringsolje auka, samanlikna med same månaden i fjor. I juni i år vart det selt 4 millionar liter fyringsparafin, ein reduksjon på 39,8 prosent. Salet av lette fyringsoljer enda på 19 millionar liter, ein auke på 10,4 prosent.

Det var 23 utkøyringsdagar i juli i år, i juni 2007 var det 22.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB