8868_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8868
Nedgang totalt, men dieselsalet aukar
statistikk
2008-07-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuni 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang totalt, men dieselsalet aukar

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 4,6 milliardar liter i første halvår av 2008, ein svak reduksjon på 1,5 prosent eller 69 millionar liter samanlikna med same periode i 2007. Men grunna auka dieselsal går det samla salet av drivstoff opp.

Stort sett alle dei ulike petroleumsprodukta har redusert sal i første halvår av 2008. Salet av autodiesel er eit unntak. Det vart selt 1,5 milliardar liter autodiesel dei seks første månadene i år, dette er ein auke på 128 millionar liter eller 9 prosent samanlikna med same periode i 2007. For same periode var salet av bilbensin 907 millionar liter, ein reduksjon på 6,5 prosent eller 63 millionar liter.

Ser ein på dei to produkta samla, har salet av drivstoff til saman auka med 2,7 prosent eller 65 millionar liter hittil i år trass i auka drivstoffprisar utover våren og sommaren i år. Samla utgjer salet av bilbensin og autodiesel 53,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Mindre fyringsprodukt

Salet av fyringsprodukt har blitt redusert dei seks første månadane i år samanlikna med same periode sist år. Salet av fyringsparafin hadde eit samla volum på 38 millionar liter, ein reduksjon på 24,7 prosent eller 13 1 millionar liter. For lette fyringsoljer vart salet redusert med 15,9 prosent eller 42 millionar liter, det samla salet enda her på 224 millionar liter dei seks første månadane i 2008. Ser ein dei to produkta under eitt, vart salet redusert med 17,3 1 prosent eller 54 millionar liter.

I dei seks første månadane av 2008 vart det selt 393 millionar liter jetdrivstoff, ein reduksjon på 8 prosent eller 34 millionar liter. Marine gassoljer utgjer om lag 17,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I første halvår i ar vart salet redusert med 83 millionar liter, ein nedgang på 9,5 prosent.

Reduksjon i juni

I juni 2008 vart det selt 843 millionar liter av dei ulike petroleumsprodukta, ein reduksjon på 2,9 prosent samanlikna med juni 2007. Størst prosentvis auke var det i salet av autodiesel på 7,8 prosent eller 20 millionar liter. Salet av autodiesel var i juni i år på 279 millionar liter. Salet av bilbensin var på 168 millionar liter, ein reduksjon på 7 prosent eller 12 millionar liter.

Juni 2008 syner ein reduksjon i salet av fyringsprodukt i forhold juni 2007. Salet av fyringsparafin vart redusert med 28,2 prosent, medan salet av lette fyringsoljer vart redusert med 14,1 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i juni i år, det same som i juni 2007.

1  Tallet er rettet 21. juli 2008.

Tabeller: