8870
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8870
Meir diesel, mindre bensin
statistikk
2008-06-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir diesel, mindre bensin

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 783 millionar liter i mai i år, ein reduksjon på 1,2 prosent eller 10 millionar liter samanlikna med mai 2007. Det er redusert sal av bensin som fører til nedgangen totalt.

I mai i år var salet av autodiesel på 271 millionar liter. Dette er ein auke på 9,9 prosent samanlikna med same periode i 2007, då salet var på 246 millionar liter. Salet av bilbensin har i same periode blitt redusert frå 175 millionar selde liter til 164 millionar liter i år, ein reduksjon tilsvarande 6,2 prosent. Ser ein på dei to produkta samla, har salet av drivstoff auka trass i stigande drivstoffprisar. Samla vart det selt 435 millionar liter i mai, ein auke på 3,33 prosent frå i fjor. Salet av bilbensin og autodiesel står for til saman 55,6 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Andre produkt

Samla sal av fyringsprodukt vart redusert med 5 millionar liter samanlikna med mai i fjor. Det vart selt 6 millionar liter fyringsparafin i år, ein reduksjon på 18,9 prosent. Det vart selt 29 millionar liter lette fyringsoljer, ein reduksjon på 11,2 prosent.

Salet av jetdrivstoff hadde ein reduksjon på 19,9 prosent frå mai i år samanlikna med mai sist år. Det samla salet enda på 59 millionar liter i år.

Det var 20 utkøyringsdagar i mai i år, det same som i mai 2007.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB