8872
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8872
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2008-05-21T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktapril 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 760 millionar liter i april, ein auke på 6,2 prosent eller 44 millionar liter samanlikna med same periode i fjor. Ein av grunnane til det auka salet kan vere at i år var påska i mars, mens den i 2007 var i april.

Salet av autodiesel var på 263 millionar liter i april, dette er ein auke på 21,9 prosent eller 47 millionar liter samanlikna med same månad i 2007. Utviklinga med auka dieselsal held fram trass for at dieselprisane aukar. Salet av bilbensin gjekk i same periode ned med 5,7 prosent, frå 158 millionar liter selt i april 2007 til 149 millionar liter selt i april i år. Det samla salet av bilbensin og autodiesel auka med 10,2 prosent, og står for til saman 54,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Det vart selt 5 millionar fleire liter fyringsprodukt i april i år. Salet av fyringsparafin enda på 3 millionar liter, og salet av lette fyringsoljar på 36 millionar liter. Salet av jetdrivstoff sank frå 63 millionar liter selt i april 2007, til 59 millionar liter i april i år.

Det var 22 utkøyringsdagar i april i år, mot 18 i april 2007.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB