8874
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8874
Redusert sal av fyringsprodukt
statistikk
2008-03-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av fyringsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt i februar var på 739 millionar liter, ein reduksjon på 1,5 prosent samanlikna med februar i 2007. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer hadde ein stor nedgang.

Det blei til saman selt 53 millionar liter fyringsprodukt i februar i år, i same periode i fjor var det samla salet på 80 millionar liter. Salet av lette fyringsoljer enda på 44 millionar liter og salet av fyringsparafin på 9 millionar liter, dette er ein reduksjon på høvesvis 35,8 og 40,4 prosent. Det reduserte salet av fyringsprodukt. kan sjåast i samanheng med den milde vinteren.

Framleis auke i sal av diesel

Auken i salet av autodiesel heldt fram, det vart selt 246 millionar liter i februar. Dette er ein auke på 10,4 prosent eller 23 millionar liter frå februar 2007. Samstundes vart salet av bilbensin redusert. Det vart selt 136 millionar liter bilbensin, dette er ein reduksjon på 3,8 prosent eller 6 millionar liter. Det samla salet av desse to transportolja auka dermed med 4,7 prosent. Salet av bilbensin og autodiesel utgjer litt over halvparten av det totale salet av petroleumsprodukt.

Andre produkt

Det var ein auke i salet av jetdrivstoff i februar på 7,3 prosent, det totale salet enda på 67 millionar liter. Til saman vart det selt 130 millionar liter marine gassoljer i februar i år, jamført med same månad i fjor er dette ein liten auke på 1 prosent. Salet av marine gassoljer utgjer om lag 18,0 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Det var 21 utkøyringsdagar i februar i år, i februar 2007 var det 20.

NB! Det vil ikke bli publisert tall for salg av petroleumsprodukter for mars 2008. Årsaken er at det i tallmaterialet mangler data fra et stort oljeselskap. Denne mangelen bidrar til at en statistikk for mars 2008 vil bli svært misvisende. Neste ordinære publisering er 19. mai. Den publiseringen vil omhandle tall for april 2008.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB