8876_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8876
Sal av petroleumsprodukt ned 60 millionar liter
statistikk
2008-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjanuar 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sal av petroleumsprodukt ned 60 millionar liter

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 722 millionar liter i januar 2008, ein reduksjon på 7,7 prosent eller 60 millionar liter samanlikna med same periode i 2007. Salet av autodiesel auka med 7 prosent.

Det samla salet av bensin og autodiesel auka med 1 million liter frå januar 2007 til januar 2008. Dette er ein auke på berre 0,3 prosent. Auken i salet av autodiesel held fram den første månaden i 2008. Til saman vart det seld 245 millionar liter i januar i år. Det er 16 millionar fleire liter, eller 7 prosent meir enn same periode i 2007. Salet av autodiesel utgjer nå om lag 61 prosent av det samla salet av bensin og autodiesel og 34 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. For same periode vart salet av bilbensin redusert med 9,3 prosent. I januar 2007 vart det selt 154 millionar liter, 15 millionar fleire liter enn i år.

Annan transport

Det vart selt 113 millionar liter marine gassoljer i januar i år, ein reduksjon på 21,7 prosent eller 31 millionar liter. Salet av jetdrivstoff har endra seg lite den første månaden i år samanlikna med januar i 2007. Auken i salet var berre på 0,8 prosent.

Lågare sal av fyringsprodukt

Salet av fyringsparafin og lett fyringsolje vart redusert med høvesvis 27 og 22,9 prosent samanlikna med same månad i fjor. I januar 2007 var det samla salet av dei to produkta 71 millionar liter, mens talet for januar 2008 er på 55 millionar liter.

Det var 22 utkøyringsdagar i januar i år, det same som i 2007.

Tabeller: