8878_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8878
Liten auke1 i salet av petroleumsprodukt i 2007
statistikk
2008-01-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffdesember 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke1 i salet av petroleumsprodukt i 2007

Det samla innanlandske salet av petroleumsprodukt var på 9,7 milliardar liter i 2007, ein liten auke1 på 0,9 prosent, eller 85 millionar liter, samanlikna med 2006.

Den største veksten blant dei enkelte produkta finn vi i salet av autodiesel. I 2007 vart det selt nærmare 3 milliardar liter, dette er ein auke på 305 millionar liter, eller 11,5 prosent, samanlikna med 2006. For den same perioden vart salet av bilbensin redusert med 5,2 prosent, eller 106 millionar liter, det vart selt om lag 2 milliardar liter bilbensin i 2007. Dermed held trenden frå dei siste åra fram, det vil seie at salet av autodiesel held fram med å auke medan bensinsalet minkar noko. Samla auke i transportoljene bensin og auotodiesel er på 4,2 prosent det siste året. I 2004 passerte salet av autodiesel salet av bensin i Noreg. Dette må sjåast i samanheng med utviklinga i samansetjinga av bilparken. Tal frå SSB sin person- og varebilstatistikk viser at det har vore ei større stigning i registrerte kjøretøy med dieselmotor enn det har vore i kjøretøy med bensinmotor, dei siste åra. Salet av bilbensin og autodiesel stod til saman for 50,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2007.

Mindre til fyring

Det vart selt 488 millionar liter fyringsolje i 2007, ein reduksjon på 14,8 prosent frå året før. For den same perioden vart salet av fyringsparafin redusert med 21 prosent, og det samla salet vart på 103 millionar liter. Fyringsprodukta konkurrerer i første rekke med elektrisitet, i 2007 har gjennomsnittsprisen på elektrisitet vært låg samanlikna med 2006. Fokus på miljøkonsekvensar av oljefyring kan òg ha påverka salet.

For marine gassoljer var det ein auke i salet i 2007 på 0,7 prosent, eller 13 millionar liter. Salet av jetdrivstoff er nærmast uendra frå førre året. Det vart i 2007 selt til saman 894 millionar liter, ein million liter meir enn førre året.

Desember 2007

I desember 2007 vart det samla salet av petroleumsprodukt på 776 millionar liter, ein auke på 6,5 prosent samanlikna med desember i 2006. Salet av autodiesel hadde ein kraftig auke på 18,9 prosent, eller 40 millionar liter, og enda på 251 millionar liter. Det samla salet av bilbensin var på 149 millionar liter, ein reduksjon på 5,5 prosent eller 8 millionar liter. Salet av fyringsprodukt steig i desember i år. Dette kan hengje saman med at elektrisitetsprisen igjen har nådd eit høgt nivå. Det vart selt 10 millionar liter meir fyringsolje og 4 millionar meir fyringsparafin enn året før.

I desember 2007 var det 20 utkjøringsdagar, i desember 2006 var det 19 dagar.

1  Rettet 31. januar 2008.

Tabeller: