8880
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8880
Lite endring i samla sal av petroleumsprodukt
statistikk
2007-12-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lite endring i samla sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 839 millionar liter i november 2007, ein liten auke på fem millionar liter samanlikna med den same månaden i 2006. Salet av lette fyringsoljer, fyringsparafin og bilbensin gjekk ned, medan salet av autodiesel og jetdrivstoff auka.

I november i år vart det selt 59 millionar liter fyringsolje og fyringsparafin. Dette er ein reduksjon på 15 millionar liter eller 25 prosent samanlikna med den same perioden året som var. Trenden med redusert sal av fyringsprodukt har vi sett gjennom heile 2007, med unntak av mars månad. Nedgangen hittil i år har vore på 25 prosent for fyringsparafin og 18,2 prosent for lette fyringsoljer.

Reduksjonen i salet av bilbensin held fram. Det vart selt 145 millionar liter bilbensin i november, dette er ein reduksjon på 7,6 prosent eller 12 millionar liter.

Auka sal for nokre produkt

Samla vart det selt 250 millionar liter autodiesel i november, dette er ein auke på 3,6 prosent eller 9 millionar liter. I november i år stod salet av autodiesel aleine for 29,8 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Ser vi på salet frå januar fram til og med november i år, har salet av autodiesel auka med heile 10,6 prosent samanlikna med den same perioden året som var.

Det vart selt 178 millionar liter marine gassoljer i november, dette er ein auke på 17,8 prosent frå året som var. Det var også ein auke i salet av jetdrivstoff på 6,7 prosent, og det totale salet var på 78 millionar liter i november i år.

Talet på utkøyringsdagar i november i år var 22, det same som i november 2006.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB