8882_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8882
Auka sal av diesel
statistikk
2007-11-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffoktober 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av diesel

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 890 millionar liter i oktober 2007, ein auke på 1,7 prosent samanlikna med same månad i 2006. Det er framleis salet av autodiesel som aukar mest.

Til saman vart det selt 15 millionar liter meir petroleumsprodukt i oktober i år samanlikna med same periode i 2006. Salet av autodiesel fortsett å gå opp. Det vart selt til saman 290 millionar liter autodiesel i oktober, ein auke på heile 40 millionar liter eller 16,2 prosent. Salet av bilbensin har blitt redusert frå 171 millionar liter til 164 millionar liter i oktober i år. Salet av bilbensin og autodiesel utgjer til saman 51 prosent av det totale petroleumssalet.

Mindre fyringsprodukt

Salet av lette fyringsoljer sank med 11 millionar liter og salet av fyringsparafin sank med 2 millionar liter i oktober i år. Det var til saman selt 49 millionar liter fyringsprodukt i oktober.

Salet av jetdrivstoff hadde ein liten reduksjon. Det vart selt 76 millionar i oktober i år, ein reduksjon på 2 millionar liter samanlikna med oktober 2006.

Marine gassoljer utgjer om lag 18,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I oktober vart det selt 164 millionar liter marine gassoljer, om lag det same som i oktober sist år.

Talet på utkøyringsdagar i oktober i år var 23, mot 22 i oktober 2006.

Tabeller: