8884_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8884
Stor auke i dieselsalet
statistikk
2007-10-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i dieselsalet

Dieselsalet held fram med å auke. I dei ni første månadene av 2007 vart det selt 11,3 prosent meir enn i same periode i fjor. Samstundes gjekk salet av dei fleste andre petroleumsprodukta ned, slik at det blei ein liten salsnedgang i perioden samla sett.

Sal av bensin og diesel. Januar-september. 2000-2007.  Millionar liter

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 7,2 milliardar liter i dei ni første månadene av 2007. Samanlikna med same periode sist år er det ein liten nedgang på 0,1 milliard liter.

Diesel på tanken

I løpet av dei ni første månadane av 2007 vart det selt 2,2 milliardar liter autodiesel. Dette er 220 millionar liter eller 11,3 prosent meir enn for same periode sist år. I same periode vart det selt 1,6 milliardar liter bilbensin, ein reduksjon på 4,8 prosent eller 75 millionar liter frå sist år. Den kraftige auken i salet av autodiesel kan sjåast i samanheng med endringar i bilparken kor stadig fleir av bilane går på diesel. Hittil i år er tre av fire selte nye bilar utstyrt med dieselmotor. Salet av autodiesel og bilbensin står for til saman 50,7 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt dei ni første månadane i 2007.

Mindre til fyring

Både salet av fyringsparafin og fyringsoljer sank i dei tre første kvartala i 2007. Det vart selt 17 prosent mindre lette fyringsoljer enn sist år, mens nedgangen i salet av fyringsparafin var på 27,1 prosent.

Meir smøremiddel

Det vart selt 60 millionar liter smøremiddel i perioden, dette er ein auke på 12,7 prosent. For dei andre petroleumsprodukta er det små endringar samanlikna med dei ni første månadene sist år. Salet av jetdrivstoff var på 674 millionar liter, ein marginal reduksjon på 0,9 prosent. Salet av marine gassoljer var på 1,3 milliardar liter, ein liten reduksjon på 1,5 prosent.

Mindre sal i september

I september 2007 vart det selt 820 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein reduksjon på 0,9 prosent eller 71 millionar liter samanlika med september 2006.

Salet av autodiesel i september var 261 millionar liter, ein betydelig auke på 15,4 prosent samanlikna med september 2006. Salet av bilbensin var på 157 millionar liter, ein reduksjon på 7,5 prosent.

Marine gassoljer hadde ein reduksjon i salet på 5,7 prosent. Det vart selt 147 millionar liter av produktet i september i år. Det vart også selt mindre fyringsprodukt i september. Det vart selt 31 millionar liter lette fyringsoljer og 8 millionar liter fyringsparafin. Dette tilsvarar ein reduksjon på høvesvis 14,5 og 15,7 prosent.

Det var 20 utkøyringsdagar i september i år, mot 21 i september 2006.

Tabeller: