8886
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8886
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2007-09-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktaugust 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 897 millionar liter i august, ein auke på 3,2 prosent eller 28 millionar liter samanlikna med august 2006.

Det vart selt 267 millionar liter autodiesel i august i år, dette er ein auke på 11 prosent eller 26 millionar liter samanlikna med same periode førre året. Nedgangen i salet av bilbensin held fram. I august vart det selt 183 millionar liter, ein reduksjon på 5,7 prosent eller 11 millionar liter. Det samla salet av bilbensin og autodiesel stod for til saman 50,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Redusert sal av fyringsprodukt

Salet av fyringsprodukt har blitt redusert i august. Det vart selt 25 millionar liter lette fyringsoljer og 8 millionar liter fyringsparafin, ein reduksjon på høvesvis 27,9 og 47,8 prosent.

92 millionar liter jetdrivstoff vart selt i august i år, ein liten auke på 2 prosent samanlikna med den same perioden førre året.

Det var 23 utkøyringsdagar i august i år, det same som i august 2007.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB