8888_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8888
Stor auke i salet av diesel
statistikk
2007-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuli 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i salet av diesel

Salet av autodiesel synte ein auke på heile 14,1 prosent i juli samanlikna med den same månaden i fjor, medan bensinsalet gjekk tilbake med drygt 5 prosent. Det samla salet av bilbensin og autodiesel steig med 4,7 prosent.

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 807 millionar liter i juli 2007, ein marginal auke på 1,5 prosent. Det har likevel vore betydelege endringar i salet av enkelte produkt. Salet av autodiesel og marine gassoljer auka mest, medan salet av tung fyringsolje gjekk mest ned.

Oppgang for autodiesel

I juli var salet av autodiesel på 234 milliardar liter, ein auke på 14,1 prosent samanlikna med juli i 2006. Det avgiftspliktige dieselsalet utgjer om lag 76 prosent av det totale dieselsalet og auka med 15 prosent i juli samanlikna med den same perioden i 2006. Avgiftspliktig diesel blir brukt av køyretøy som er meint for vegtrafikk, medan avgiftsfri diesel berre er tillate på båtar og landbruks-, skogs- og anleggsmaskiner. Bensinsalet går framleis ned, og det enda på 187 millionar liter i juli, ein reduksjon på 5,1 prosent. Til saman steig salet av bilbensin og autodisesel med 4,7 prosent i juli samanlikna med den same perioden i fjor.

Vekst for marine gassoljer

Salet av marine gassoljer utgjer 20 prosent av det totale petroleumssalet og synte ein auke på 9,2 prosent i juli i år samanlikna med i fjor. Salet til utanriks sjøfart, bunkers, gjekk opp med 14,5 prosent.

Mindre sal av tung fyringsolje

Salet av tung fyringsolje gjekk ned med 14.5 prosent. Salet av tung fyringsolje til utanriks sjøfart har i løpet av den siste tolvmånadsperioden gått ned med 29.3 prosent. I juli var salet på 15 millionar liter, dette var ein nedgang på 23,8 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Salet av anna tung fyringsolje vart redusert med om lag 10 prosent.

Det var 22 utkøyringsdagar i juli i år, mot 21 utkøyringsdagar i juli i fjor.

Tabeller: