8890_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8890
Meir diesel - mindre bensin
statistikk
2007-07-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuni 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir diesel - mindre bensin

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 4,7 milliardar liter i første halvår av 2007, noko som var ein svak nedgang samanlikna med same periode i 2006. Salet av autodiesel held fram med å stige, medan trenden er motsett for bilbensin.

Det samla salet av petroleumsprodukt vart redusert med 1,2 prosent, eller 57 millionar liter, i dei seks første månadene av 2007 samanlika med same periode i 2006.

Oppgang for autodiesel

Medan det totale salet av petroleumsprodukt har endra seg lite, er det endringar i salet av dei ulike petroleumsprodukta. I midten av 2004 vart det for første gong selt meir autodiesel enn bilbensin i Noreg, og dei tre siste åra har denne utviklinga halde fram. I første halvår av 2007 var salet av autodiesel på 1,4 milliardar liter, ein auke på 10,3 prosent, eller 132 millionar liter, samanlikna med første halvår av 2006. For same periode var salet av bensin på 970 millionar liter, ein nedgang på 4,1 prosent, eller 41 millionar liter. Ved inngangen til juli var tre av fire nye bilar som vart selde i Noreg bilar med dieselmotor. Det samla salet av dieselbilar er 89 prosent høgare til no i år samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Samtidig har det totale salet av bilar auka med 25 prosent så langt i år.

Mindre fyringsprodukt

Salet av fyringsprodukt har vorte redusert dei seks første månadene i år samanlikna med same periode sist år. Salet av fyringsparafin hadde eit samla sal på 51 millionar liter, ein reduksjon på 26,6 prosent. For lette fyringsoljer vart salet redusert med 15,9 prosent, det samla salet enda på 267 millionar liter dei seks første månadene i 2007.

I dei seks første månadene av 2007 vart det selt 427 millionar liter jetdrivstoff, om lag like mykje som vart selt i same periode i 2006. Marine gassoljer utgjer om lag 18,6 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I første halvår av 2007 vart salet redusert med 41 millionar liter, eller 4,4 prosent.

Liten reduksjon i juni

I juni 2007 vart det selt 874 millionar liter av dei ulike petroleumsprodukta, ein nedgang på 1,1 prosent samanlikna med juni 2006. Størst prosentvis auke var det i salet av autodiesel på 13,3 prosent, eller 16 millionar liter. Salet av autodiesel i juni 2007 var 259 millionar liter, medan det for bilbensin var på 180 millionar liter, ein reduksjon på 5 prosent. Til saman stod dei to produkta for 50,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukta.

Juni 2007 syner ein reduksjon i salet av fyringsprodukt samanlikna med juni 2006. Salet av fyringsparafin vart redusert med 24,7 prosent, medan salet av lette fyringsoljer vart redusert med 15,7 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i juni i år, det same som i juni 2006.

Tabeller: