8892
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8892
Meir diesel - mindre bensin
statistikk
2007-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir diesel - mindre bensin

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 795 millionar liter i mai 2007, det same som i mai 2006. Salet av autodiesel gjekk opp, medan det motsette var tilfelle for bensin.

I mai i år var salet av autodiesel på 247 millionar liter, dette er ein auke på 9,4 prosent samanlikna med same periode i 2006, då salet var på 226 millionar liter. Salet av bilbensin har i same periode blitt redusert, frå 182 millionar selde liter i mai 2006 til 175 millionar liter i år, ein reduksjon tilsvarande 4,2 prosent. Salet av bilbensin og autodiesel står for til saman 53 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Fyringsprodukt

Samla sal av fyringsprodukt vart redusert med 9 millionar liter samanlikna med mai i fjor. Det vart selt 7 millionar liter fyringsparafin i år, ein reduksjon på 29,1 prosent. Det vart selt 32 millionar liter lette fyringsoljer, ein reduksjon på 13,4 prosent.

Salet av jetdrivstoff hadde ein liten auke på 1,3 prosent frå mai i år samanlikna med mai i fjor, det samla salet enda på 73 millionar liter i år.

Det var 20 utkøyringsdagar i mai i år, det same som i mai 2006.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB