8894
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8894
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2007-05-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktapril 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 714 millionar liter i april, 3 prosent lågare enn i april i fjor. Salet av fyringsprodukt stod for det meste av nedgangen, medan salet av autodiesel auka mest.

Salet av autodiesel auka med heile 13 prosent i april, til 216 millionar liter. Samstundes held nedgangen i salet av bilbensin fram. I april vart det selt 3,5 prosent mindre bilbensin enn i same månad året før. Det samla salet av bilbensin og autodiesel auka med 5,6 prosent, og står for til saman 53 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av jetdrivstoff synte ein reduksjon på 10,1 prosent.

Lågt sal av fyringsprodukt

Samla sal av fyringsprodukt vart redusert med 27.6 prosent samanlikna med april i fjor, noko som tilsvarer ein reduksjon på 29 millionar liter. Det vart selt 35 millionar liter av fyringsparafin og lett fyringsolje i april i år mot 47 millionar liter i april i fjor. Salet av tung fyringsolje synte ein reduksjon i salet på 24,9 prosent, ifrå 53 til 41 millionar liter. Nedgangen i salet av fyringsprodukt kan sjåast i samanheng med prisnedgang på elektrisitet og auka temperaturar samanlikna med same periode i fjor.

Hittil i år har samla sal av fyringsparafin og lett fyringsolje vorte redusert med 19 prosent, medan salet av tung fyringsolje har gått ned med 7,4 prosent.

Det var 18 utkøyringsdagar i april i år, mot 17 i april 2006.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB