8896
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8896
Salet av petroleumsprodukt gjekk ned
statistikk
2007-04-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av petroleumsprodukt gjekk ned

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 2,3 milliardar liter i første kvartal 2007, 1,7 prosent mindre enn første kvartal i fjor. Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin gjekk mest ned, medan autodiesel hadde størst auke.

Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer vart kraftig redusert i første kvartal 2007. Lette fyringsoljer hadde ein nedgang på 14,4 prosent, medan salet av fyringsparafin gjekk ned med heile 22,6 prosent samanlikna med første kvartal 2006.

Samstundes held auken i salet av autodiesel fram. I dei tre første månadene i 2007 vart det selt 684 millionar liter, 8,2 prosent meir enn i same kvartal 2006. Sal av autodiesel utgjorde 30 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i første kvartal. Salet av bilbensin vart i perioden redusert med 4,1 prosent.

Mindre tung bunkersolje

Det samla salet av bunkersolje var i første kvartal 122 millionar liter. Dette er ein nedgang på 17,6 prosent samanlikna med same periode i 2006. Av det samla salet av bunkersolje, utgjorde tung bunkersolje 27,9 prosent. Samanlikna med same kvartal i fjor gjekk salet av tung bunkersolje ned med 32,3 prosent, medan salet av anna bunkersolje gjekk ned med 9,7 prosent.

Noreg gav nyleg sin stønad til forslaget fremma av FNs sjøfartsorganisasjon om eit internasjonalt forbod mot bruk av tungolje i skipsfart. Tung bunkersolje er eit billig drivstoff, men fører med seg store utslepp av svovel.

Redusert sal i mars

I mars 2007 vart det selt 781 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein nedgang på 8,2 prosent eller 76 millionar liter samanlika med mars 2006, da salet var på 857 millionar liter. Dette er trass i at det var ein ekstra utkøyringsdag i mars 2006 samanlikna med i år.

Mindre til fyring

I mars var nedgangen størst i salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer. Salet av fyringsparafin vart halvert, medan salet av lette fyringsoljer vart redusert med 40 prosent. Totalt har salet av desse produkta gått ned med 39 millionar liter, og utgjorde dermed om lag halvparten av nedgangen i salet av petroleumsprodukta denne månaden.

Ei mogleg forklaring er prisnedgang på elektrisitet og dei store temperaturforskjellane mellom mars i fjor og i år. Ifølgje Meteorologisk institutt var middeltemperaturane i mars i år 4,1 grader over normalen, og dei høgaste nokon gong registrerte for Noreg. Til samanlikning var middeltemperaturane i mars 2006 om lag 4 grader under normalen.

Salet av marine gassoljer var denne månaden på 149 millionar liter, dette er ein nedgang på 8,1 prosent samanlikna med i fjor. Salet av tung fyringsolje var stabilt.

Dei einaste produkta kor det har funnet stad ein auke i salet i mars er autodiesel og jetdrivstoff. Dei viser begge ein beskjeden auke på høvesvis 1,9 og 1,7 prosent samanlikna med i fjor.

Det var 22 utkøyringsdagar i mars i år, mot 23 i mars 2006.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB